|
Generalforsamling i Nordfjord Vekst AS |
|
Innkalling til ekstraordinær generalforsamling i Måløy Vekst/Nordfjord Vekst blei sendt ut pr mail 11.jan 2012 til alle som har teikna aksjar i selskapet. Aksjonærar kan hente utskift av innkallinga med vedlegg i administrasjonen til Måløy Vekst.
Generalforsamlinga finn sted i Måløy sentrum, adminstrasjonsbygget til Domstein i Sjøgata (1.etg kantina) den 26.januar kl 18.00. |
|
Styre- og leiarseminar med fokus på ”beste praksis” |
|

Dette er årstida for skifte av styremedlemmar, og mange har behov for opplæring i styrearbeid.
Styrekurset Styre- og leiarseminar med fokus på ”beste praksis” er eit samarbeid mellom Måløy Vekst AS, NyKunnskap AS på Eid og Folkeuniversitetet, kor målet for kurset er at styre- og leiararbeid må planleggast, samt strukturerast og gjennomførast på ein forsvarleg måte, for å skape best mogleg resultat.
Les meir om kurset i dette vedlegget. Her finn du dato, pris, sted og innhald i kurset. Påmeldingslink finn du her, og merk kvinneleg deltakarar får ½ pris. Vi har max 30 plasser, så her gjeld først til mølla prinsippet. |
|
Ynskjer du å vinne tur til verdas største sjømatmesse? |
2 heldige personar frå Nordfjord kan få stipend til å reise på verdens største sjømatmesse: European Seafood Exposition i Brüssel i mai 2012. Sparebanken Vest delar årleg ut to stipend til ungdom som viser ein særs interesse for fiskeri og sjømat, i samarbeid med Måløy Vekst, Maritim Park og Aktiv Raudeberg. Vinnarane av stipenda får reise på verdens største sjømatmesse.
Er du mellom 16 og 25 år og kommer frå Nordfjord, har interesse for fiskeri- og sjømatnæringa, samt ynskje om en framtidig karriere i næringa anten på sjøen eller på land, kan du søkje på stipendet.
Fristen for å søke om stipendet er 25.januar 2012
Korleis kan du søke? For å søke om stipendet må du rette ein skriftleg søknad til Sparebanken Vest ved
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
(skriv: Søknad Fiskeri og sjømatstipend 2012 i emnefeltet i mailen).
Om du har spørsmål kring stipendet kan desse rettast til
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Juryen består av representantar frå Sparebanken Vest, Måløy Vekst, Maritim Park og Aktiv Raudeberg.
Du kan og lese mer om stipendet på nettsida til Sparebanken Vest |
|
|