|
Vedtekter kommunalt næringsfond
Søknadsskjema kommunalt næringsfond
Mal til forretningsplan
Næringsfondet vart oppretta på midten av 80-talet som ei forlenga arm av det gamle Distriktenes Utbyggingfond (DU) og SND, eller Statens nærings– og distriktuviklingsfond. I dag er alt dette lagt til Innovasjon Norge http://www.innovasjonnorge.no/
Standardreglar Bedin: http://www.bedin.no/php/d_emneside/cf/hApp_101/hPKey_1868/hDKey_1
Vågsøy kommune er ei såkalla C-kommune, noko som betyr at det kan gjevast tilskot også til investeringsformål for bedrifter som er etablerte i kommunen. Forvaltninga av det kommunale næringsfondet er delegert til Måløy Vekst AS. Dette innebærer at søknadane stiles til Måløy Vekst AS kor administrasjonen utarbeider innstilling som deretter behandles av styret i Måløy Vekst. Søknader blir behandla fortløpande utover året.
Det stilles ikkje noko formelle krav til søknaden, men vi oppfordrar alle å bruke utarbeidd søknadsskjema, som du finn i lenken over, og det er ein fordel med ei gjennomarbeida forretningsplan, budsjett og rekneskap om verksemda har vert i drift ei stund. Ta kontakt med Bente Jørgensen, mobil 918 90 227, e-post:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
dersom du treng hjelp med søknaden.
Det kommunale næringsfondet skal nyttast til å styrke nyskaping (innovasjon) og næringsutvikling i kommunen. I høve Vågsøy kommune sine vedtekter for næringsfondet skal følgjande tiltak vektleggast:
-
Prioriteringar gitt i Måløy Vekst sitt handlingsprogram
-
Prosjekt som fører til betra sysselsettjing for kvinner og ungdom blir prioritert
-
Etablering av ny verksemd som ikkje er konkuransevridande
-
Mindre verksemder (1-10 tilsette) vert prioriterte
Vilkår Næringsfondet kan nyttast både til bedriftsretta tiltak og til generelle tilretteleggjande tiltak i regi av kommunen eller andre typar organisasjonar.
Bedriftsretta prosjekt som ikkje har eit samla kapitalbehovet på meir enn kr. 500.000,- kan søkje om stønad frå det kommunale næringsfondet.
Stønaden frå det kommunale næringsfondet kan maksimalt utgjere halvparten av dei kostnadene som vert rekna inn i støttegrunnlaget.
Midlane frå fondet skal ha ein utløysande effekt på tiltaket som vert støtta.
Støtte skal først og fremst gjevast som tilskot.
Det kan ikkje løyvast støtte til ordinær drift.
Det kan ikkje løyvast midlar til fysiske infrastrukturtiltak
Døme på prosjekt som det kan løyvast midlar til (ikkje uttømmande):
Bedriftsretta tiltak:
Tilretteleggande tiltak:
Saksgang Administrasjonen i Måløy Vekst legg til rette for handsaming av søknaden. Det er styret i Måløy Vekst som avgjer søknaden.
Søknad - Søknad vert sett opp på eige søknadsskjema - Gjer nærmare greie for tiltaket i eige vedlegg - Legg ved siste års rekneskap og budsjett for inneverande år
- Søknad med vedlegg sendes: Måløy Vekst AS, gate1 nr.119, 6700 Måløy eller via e-post:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
Anna Ver merksam på at søknad til næringsfondet er ei offentleg sak og er open for innsyn. Personopplysningar og anna sensitiv informasjon som offentlegheitlova gir oss høve til å halde unna offentlegheit (t.d. forretningsplanar/økonomi), vil ikkje bli synleggjort.
|