Utviklingsplanar
Prosjekter
Starte bedrift
Finansiering og søknader
Nyheter
Lenker
Måløy Vekst Fiber AS
Nettbaserte publikasjonar
Bildegalleri
bilde7_03.jpg
<<  Juni 2010  >>
 ma  ti  on  to  fr  lø  sø 
   1  2  3  4  5  6
  8111213
17181920
222324252627
282930    
Fleire kurs
magazine
att00079

45_min_logo1
vagsoy
Vågsøy kommune

sffk
Sogn og Fjordane fylkeskommune
innovasjon

ffkarriererosa180x152
driftig_no

reisemalstrynnordf


Gründercamp for 9.kl Vågsøy ung.skule
Gründercamp som intro til næringslivet

Det blir arrangere gründercamp for 9. klasse ved Vågsøy ungdomsskule tysdag 15. og onsdag 16. juni 2010, og vi behøver hjelp frå næringslivet. Håper at mange bedrifter, stor som liten, kan stille opp med ei problemstilling og vere rettleiar/mentor nokon timer dei dagane, og hjelpe til.

Les meir om programmet her: gründercamp program

Gründercamp er ein konkurranse der elevar blir utfordra av næringslivet til å løyse ei aktuell problemstilling. Problemstillinga bestemmer bedrifta sjølv . Varigheit er i skuletida tysdag og onsdag . Det er gitte vurderingskriterium i forkant slik at ungdommane veit kva dei bedømmast etter. Viktige vurderingskriterium er bl.a. kreativitet, innovasjon, økonomi og marknadsføring.

Resultatet ungdommane skal levere inn, er ein presentasjon på 5 minutt, på bakgrunn av korleis dei har løyst problemstillinga dei har fått frå oppdragsgjevar, og det kåres ein vinnar.

Arrangementet er også en del av Måløy Vekst sitt arbeide med å lage ein samarbeidsarena for skule og næringsliv. Vi ønskjer difor å integrere næringslivet på to områder:

1. Oppgåver/problemstilling som elevane skal løyse
2. Rettleiarar/mentor og samt nokon til å sitte i juryen


Kort fortalt om opplegget rundt Gründercamp for ungdomsskolen
 
Gründercamp er en treningsleir i kreativitet og nyskaping. Elevane får eit oppdrag som de skal presentere ei løysning på innan eit avgrensa tidsrom. Oppdraget er reelt og blir gitt av ein oppdragsgivar frå ein privat eller offentlig verksemd. http://admin.ue.no/f/d/grundercamp.pdf
 
Elevane jobbar med oppdraget i grupper på ca 5-6 elever og presenterer løysingane for ein jury som kårar ein vinner ut frå gitte kriterium. Målgruppe er 9. klassetrinn.
 
Metode:
Samarbeid med lokalt nærings- og arbeidsliv er sentralt i en Gründercamp. Den eksterne oppdragsgivaren gir elevane den bakgrunnsinformasjonen dei trenger for å løyse oppdraget dei får presentert. Elevane får trening i å jobbe kreativt og løysningsorientert i grupper i eit avgrensa tidsrom. Tilbod om rettleiing undervegs i prosessen aukar elevanes læringsutbytte. Det er naturlig at oppdragsgivar stiller som rettleiar. Gründercampen avsluttes med at elevane presentere sine løysingar for ein jury.
 
Tidsbruk:
Gründercamp arrangerast over to dagar (tysdag 15. og onsdag 16.juni) + ein dag med kreativitetsopplæring med Henny Staalnakken i førekant (måndag 14.juni). Programmet er fleksibelt og kan leggest til rette ut frå lokale rammer.
 
Dette stimulerer til:
*             bruk av kreative prosesser
*             samarbeid og gruppedynamikk
*             trening i organisering og arbeidsfordeling
*             evne til å prøve og feile
*             å kunne nyttiggjøre seg rettleiing
*             bevisstheit om informasjonsinnhenting
*             bevisstgjøring om ulike presentasjonsteknikkar
*             læring om lokalt næringsliv
 
Ønskjer din bedrift å vere med, så send tilbakemelding til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen el ring 918 90 227.

Her kan di bedrift kome med ei konkret problemstilling som elevane kan jobbe fram, samtidig som dei får rettleiing frå tilsette i bedrifta. Ein kan ha ei el fleire grupper med elevar, og eg håper mange stille opp dei få timane det er snakk om desse dagane.

Fleire tidlegare bedrifter har pga slike gründercampar kome fram til gode konstruktive idear som elevane har løyst og som bedriftene har satt ut i live. Her kan du sjå tidlegare problemstillingar som har blitt løyst av elvar: problemstillingar 

Dette er både morosamt og nyttig,  og det er viktig at elvane så tidleg som mogleg får lære om næringslivet her i kommunen, med tanke på kva utdanning dei vel. Formålet er at elevane skal bli kjent med lokalt arbeidsliv og få kunnskap om yrker og utdanningsløp.