Utviklingsplanar
Prosjekter
Starte bedrift
Finansiering og søknader
Nyheter
Lenker
Måløy Vekst Fiber AS
Nettbaserte publikasjonar
Bildegalleri
Nordfjord Vekst AS
bilde3_03.jpg
<<  Februar 2012  >>
 ma  ti  on  to  fr  lø  sø 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9101112
1314151619
20212223242526
272829    
Fleire kurs
magazine
att00079

45_min_logo1
vagsoy
Vågsøy kommune

sffk
Sogn og Fjordane fylkeskommune
innovasjon

ffkarriererosa180x152
driftig_no

reisemalstrynnordf


Fylkeskommunen inviterer fiskerisektoren til dialogmøte

Havbruk og fiskeri har gjennom ei årrekke vore eit satsingsområde for Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Gjennom ulike program og arbeidsoppgåver har fylkeskommunen etablert eit godt nettverk innan havbrukssektoren. Kontakta med fiskerisektoren i fylket har derimot vore meir prega av samarbeid frå sak til sak, og med lite kontinuitet. Fylkeskommunen ynskjer difor eit første dialogmøte i Måløy, der dei gjennom møte med fiskerirelaterte bedrifter, kan få ein diskusjon om korleis dei kan styrke samarbeidet. Eitt av dei konkrete tema som ein bør diskutere under møtet, er fylket si deltaking på Nor-Fishing 2012. Men fylkeskommunenstreker under at dei ynskjer ein breiare dialog enn bare dette under møtet!

Tid og stad: 9. november kl. 13.15-15.00 i kantina på Domstein sitt administrasjonsbygg i Måløy sentrum

Hensikt:

Snakke saman og bli samde om felles satsingsområde, mellom anna ved å gå gjennom deltakinga på Nor-Fishing.

Ønska resultat:

Semje om eit opplegg for fiskerimessa og ei liste over aktuelle område der fylkeskommunen bør engasjere seg.

Frå fylkeskommunen stiller direktør for næringsavdelinga Jan Heggheim, marin fagkoordinator Lena Søderholm og seniorrådgjevar Elisabeth Aune.

Påmelding til   Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen innan 2. november.