|
Måløy Vekst har inngått leigeavtale med kommunen slik at bedrifter i Vågsøy kan kople seg på det kommunale fibernettet. Dette gir bedriftene auka kapasitet, i tillegg til at ein står fritt til å velje leverandør.
Ein betaler ein eingongssum på kr. 25 000,- for tilkoplingspunktet. Deretter løpande leige, basert på tal brukarar.
I første omgang er dette eit tilbod til bedrifter som ligg nær det kommunale fibernettet. Pr i dag er det etablert fem tilkoplingspunkt:
- Skaretun
- Turnhallen
- Heradsheim
- Kulatoppen
- Telenorsentral Deknepollen
Ein jobbar i tillegg med å byggje ut fiber til dei bedriftene som ligg lenger unna dagens kommunale fibertrase (Raudeberg, Trollebø, det meste av Deknepollen, Almenning, Bryggja).
Ein har frå fylket fått tilsegn på utbygging både i Nordfjord og Vågsøy. Ferdigstilling er planlagt tidleg i 2011.
|