|
Måløy Vekst AS skal frå årsskiftet 2011/12 gjennom ein emisjon utvidast til å bli eit felles regional næringsselskap for Eid, Selje og Vågsøy
Dette må til for å skape utvikling av næringslivet i regionen, for å framskaffe arbeidskraft, kapital og nye talent til regionen, og ikkje minst for å nå gjennom med viktige fellessaker for næringslivet knytt til samferdsle, utdanning, offentlege funksjonar med meir.
På linkane under finn du forretningsplan, vedtekter, aksjonæravtale og aksjeteikningsblankett for det nye regionale næringselskapet (arbeidstittel Nordfjord Vekst AS).
Selskapet vil bli bygd opp på same måte som dagens Måløy Vekst med næringslivet i aksjemajoritet, ei god og langsiktig grunnfinansiering som skapar stabilitet og hindrar "prosjektmakeri", og hovudkontor i Måløy.
Styret i Måløy Vekst ønskjer alle bedrifter i medlemskommunane velkomne til å delta som aksjonær i det nye næringsselskapet!
Spørsmål rundt aksjekjøp kan rettast til
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
.
Trykk på bileta under for å opne dokumenta.
Forretningsplan_NV
Vedtekter_NV
Aksjonæravtale_NV
Teikningsblanket_NV
|