|
Sogn og Fjordane fylkeskommune vedtok hausten 2005 å gi Vågsøy kommune status som omstillingskommune. Vågsøy kommune og næringslivet i Vågsøy oppretta det felles næringsutviklingsselskapet Måløy Vekst AS for å gjennomføre omstillingsarbeidet.
Måløy Vekst kom i drift i 2007 og utarbeidde på oppdrag frå Vågsøy kommune ”Omstillingsstrategi for Vågsøy kommune 2007-12. Planen har i 2008-09 vore det formelle grunnlaget for gjennomføringa av omstillingsarbeidet, med årlege handlingsplanar som oppfølging. (Omstillingsstrategi for Vågsøy 2007-12: Handlingsplan 2008 og Omstillingsstrategi for Vågsøy 2007-12: Handlingsplan 2009).
I 2009 gjennomførte Måløy Vekst ei grundig evaluering av omstillingsarbeidet så langt. Ut frå dette er det utarbeidd ein ny, revidert omstillingsstrategi: ”Utviklingsplan for Vågsøy 2010-12”. Planen vart samrøystes vedtatt i kommunestyret i november 2009. Frå og med 2010 er Utviklingsplan for Vågsøy 2010-12 det formelle grunnlaget for gjennomføringa av omstillingsarbeidet i Vågsøy.
Utviklingsplan for Vågsøy 2010-12 dreg opp tre utviklingsprogram innretta på å skape vekst i næringslivet i Vågsøy og eit attraktivt samfunn å bu i. Måløy Vekst er ansvarleg for gjennomføring av to utviklingsprogram (Nye arbeidsplassar og Attraktiv region). Vågsøy kommune er ansvarleg for gjennomføring av eitt utviklingsprogram (Attraktivt lokalsamfunn).
For Utviklingsplan for Vågsøy 2010-12 blir det på same måte som for Omstillingsplan for Vågsøy 2007-12 utarbeidd årlege handlingsplanar som fastset konkrete prosjekt med mål, framdriftsplan, finansiering og ansvarsdeling. Handlingsplanane er grunnlaget for tildeling av omstillingsløyvingar frå fylkeskommunen. Dette dokumentet fastset Handlingsplan 2010 for omstillingsarbeidet i Vågsøy. Planen med tilhøyrande prosjektbudsjett er handsama og vedtatt av styret i Måløy Vekst i styremøte 14. januar 2010 saman med driftsbudsjett for Måløy Vekst for 2010. Handlingsplan 2010 legg opp til eit samla prosjektbudsjett for omstillingsarbeidet i Vågsøy i 2010 på 5,5 mill kr. I tillegg til prosjektbudsjettet har Måløy Vekst eit ordinært driftsbudsjett på ca 1,5 mill kr. Driftsbudsjettet til Måløy Vekst er i sin heilskap lokalt finansiert lokalt i eit spleiselag mellom Vågsøy kommune og næringslivet i Vågsøy (aksjonærbidrag og tilskot). Handlingsplanen føreset ei omstillingsløyving frå fylkeskommunen til Vågsøy i 2010 på 4 mill kr, som vil gå direkte til prioriterte omstillingsprosjekt. Dersom tildelt omstillingsløyving skulle bli lågare enn dette, vil styret i Måløy Vekst utarbeide ein revidert handlingsplan ut frå tildelt omstillingsløyving.
|