Utviklingsplanar
Prosjekter
Starte bedrift
Finansiering og søknader
Nyheter
Lenker
Måløy Vekst Fiber AS
Nettbaserte publikasjonar
Bildegalleri
Nordfjord Vekst AS
bilde5_03.jpg
<<  Februar 2012  >>
 ma  ti  on  to  fr  lø  sø 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9101112
1314151619
20212223242526
272829    
Fleire kurs
magazine
att00079

45_min_logo1
vagsoy
Vågsøy kommune

sffk
Sogn og Fjordane fylkeskommune
innovasjon

ffkarriererosa180x152
driftig_no

reisemalstrynnordf


Attraktiv region

C1. 45-minuttsregionen

C2. Regional næringsutvikling i 45-minuttsregionen

C3. Felles kompetansemiljø i Ytre Nordfjord

C4. Felles kyststrategi

C5. Stad skipstunell

Andre prosjekt

.

2.3 UTVIKLINGSPROGRAM
AKTIV REGION

2.2.1 MÅL OG ANSVAR

Målformulering i omstillingsstrategien
Vågsøy skal auke andelen innpendlarar frå 13 % til 16 % og utpendlarar frå 15 % til 18 % innan 2012. Innan 2020 skal andelen vere 25 % innpendlarar og 25 % utpendlarar.

Ansvarleg for oppfølging av programmet
Måløy Vekst

2.2.2 OVERORDNA PRIORITERINGAR

Befolkninga er stadig meir mobil og villig til å pendle til og frå arbeid. Ofte er det to partar i kvar familie som skal ha relevant og interessant arbeid i området .

Både Vågsøy, Selje og Bremanger har hatt kraftig nedgang i folketalet, langt svakare vekst i tal arbeidsplassar enn resten av landet, og låg arbeidsmarknadsintegrasjon. Målet om å snu folketalsutviklinga og skape eit robust næringsliv i Vågsøy kan ikkje nåast utan eit nært samarbeid med regionen rundt Vågsøy. Vågsøy må vere pådrivar for regionalt samarbeid, både langs kysten og i Nordfjord. På kort sikt må ein få til tettare integrering med arbeidsmarknadene i nabokommunane Selje, Eid, Vanylven og Bremanger: På lang sikt skal Vågsøy vere i forkant av utviklinga når det gjeld nye muligheiter som blir skapt gjennom realisering av 45-minuttsregionen og Stad Skipstunnel.

Arbeidet med 45-minuttsregionen har hittil hatt fokus på samferdsle og kommunikasjonar. Ei vidareføring av dette samarbeidet vil kunne gjelde næringsutvikling på eit breitt plan, og bli eit strategisk samarbeid om næringsutvikling i kystnæringane, der dei aktuelle kommunane har felles mål og står sterkare som éin region enn kvar for seg. Eit slikt samarbeid vil også kunne inkludere andre kommunar enn Flora, Bremanger og Vågsøy – t d Selje, Naustdal/Førde, Eid og Vanylven/Søre Sunnmøre.

For ei meir utfyllande omtale av prioriteringar og strategiar: Sjå Utviklingsplan for Vågsøy 2010-12

2.2.3 PRIORITERTE PROSJEKT 2010

C1. 45-minuttsregionen

Vidareføring av prosjekt B2 i Handlingsplan 2009.

PROSJEKTMÅL


Resultatmål:
Etablere Flora-Bremanger-Vågsøy som ein samanhengande bu- og arbeidsmarknadsregion med reisetid maks 45 minutt Svelgen-Florø/Svelgen-Måløy og gjennomgåande vegsamband med rask fjordkryssing og ”gul stripe”-standard.


Prosessmål 2010: Få igangsett planlegging av alle delparsellar på strekninga Måløy-Grov. Etablere eige ”vegselskap” for å sikre vidare framdrift og nødvendige avklaringar på finansieringsløysingar for vegprosjekta i 45-minuttsregionen. Legge til rette for betre båtruter mellom Florø og Måløy i påvente av vegutløysing.

PROSJEKTPERIODE:

Igangsett i 2007. Prosjekt med 5-7 års perspektiv.

BUDSJETTRAMMER OG FINANSIERING:

Finansiering av prosjektet har til no skjedd gjennom eit spleiselag mellom næringsselskapa i Flora, Bremanger og Vågsøy samt eksterne bidrag. Det bør setjast av kr 300.000 i omstillingsmidlar til prosjekt 45-minuttsregionen i 2010.

PROSJEKTLEIING OG ANSVARSFORHOLD:

Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Flora, Bremanger/Svelgen og Vågsøy, med ordførarane som prosjekteigarar og vekstselskapa som prosjektansvarlege.

Prosjekt C2. Regional næringsutvikling i 45-minuttsregionen

PROSJEKTFORMÅL

Resultatmål: Løfte fram 4-5 større næringsutviklingsprosjekt i 45-minuttsregionen som krev samarbeid på tvers av kommunegrensene og gjennom det har potensiale for å bli løfta opp i nasjonal FoU-samanheng.

Prosessmål 2010: I samarbeid med SINTEF gjennomføre forprosjekt som blinkar ut mulige slike næringslivsprosjekt, og avklarer muligheitene for finansiering gjennom nasjonale FoU-program.

PROSJEKTPERIODE:

Forprosjekt i 2010. Hovudprosjekt i 2010-12.

BUDSJETTRAMMER OG FINANSIERING:

Finansiering av forprosjekt i samarbeid mellom berørte næringsutviklingsselskap og bidrag frå INU. Krev kr 100.000 i omstillingsmidlar for 2010. Finansiering av hovudprosjekt må vurderast for kvart enkelt tilfelle.

Prosjektleiing og ansvarsforhold: Sunnfjord 2020 er ansvarleg prosjekteigar, Måløy Vekst deltek i styringsgruppe.

Prosjekt C3. Felles kompetansemiljø i Ytre Nordfjord

PROSJEKTMÅL


Resultatmål: Etablere felles kompetansemiljø i Ytre/Midtre Nordfjord på alle område der to eller fleire kommunar er interesserte i dette – både innanfor næringslivsretta satsingar og kommunale kompetansemiljø .

Prosessmål 2010: Forprosjekt med systematisk gjennomgang med kvar av Vågsøy sine nabokommunar om kva område ein innanfor næringsliv/kommunal forvalting kan sjå for seg oppbygging av felles kompetansemiljø. Ut frå dette legge ein heilskapleg plan for etablering av slike felles kompetansemiljø i åra som kjem.

Måla må sjåast i samanheng med måla i prosjekt C1.

PROSJEKTPERIODE:

Oppstart i 2010. Vidare oppfølging må vurderast etter kva resultat ein finn i 2010.

BUDSJETTRAMMER OG FINANSIERING:

Forprosjektfasen krev ikkje andre ressursar enn tidsbruk. Det bør avsetjast kr 100.000 i omstillingsmidlar til dette i 2010, i tillegg til eigeninnsats i kommunen.

PROSJEKTLEIING OG ANSVARSFORHOLD:

Vågsøy kommune er prosjekteigar. Måløy Vekst ansvarleg for gjennomføring.

Prosjekt C4. Felles kyststrategi

PROSJEKTMÅL:


Resultatmål:
Bygge eit samla sterkast mulig kompetansemiljø i aksen Måløy-Florø på fiskeri- og kystforvalting som gir muligheit for å tiltrekke nye, nasjonale forvaltingsoppgåver til regionen på desse områda.

Prosessmål 2010: Etablere ein felles plattform for vidare oppbygging av kompetansemiljø mellom kystkommunane, fylkeskommunen og Fiskeridirektoratet Region Vest. Blinke ut dei første pilotprosjekta for nye satsingar.

PROSJEKTPERIODE:

Treårig prosjekt frå 2010 til 2012.

BUDSJETTRAMMER OG FINANSIERING:

Det bør avsetjast kr 100.000 i omstillingsmidlar til dette i 2010.

PROSJEKTLEIING OG ANSVARSFORHOLD:

Fiskeridirektoratet Region Vest er initiativtakar til prosjektet og naturleg prosjekteigar, ev saman med fylkeskommunen. Måløy Vekst bør saman med Sunnfjord 2020 bistå sterkt i praktisk gjennomføring av prosjektet.

Andre prosjekt

Stad skipstunnel
Vågsøy blir frå og med 2010 representert i prosjektgruppa for Stad Skipstunnel saman med Selje og Vanylven kommunar. I løpet av neste tre år skal Måløy Vekst få gjennomført ei analyse av konsekvensar/muligheiter for Måløy ved realisering av Stad Skipstunnel. Vi vil i 2010 gjere forstudie, med sikte på gjennomføring av forprosjekt i 2011

Andre samarbeidsprosjekt med eksterne kompetansemiljø
Måløy Vekst vil i 2010 søke å få til tettare samarbeid med næringslivet på Søre Sunnmøre – t.d. gjennom samarbeidsprosjekt med Maritim forening Søre Sunnmøre (Mafoss) og Maritimt Forum Nordvest. Vi vil også bygge vidare etablert samarbeid med HiSF/Vestlandsforsking innanfor fornybar energi. Sjå eigen omtale av samarbeidsprosjekt med SINTEF/NTNU annan stad i dokumentet.