|
B1 Næringsliv i skulen
B2 Sentrumsutvikling Måløy
B3 Vekstvenleg kommune
2.2 UTVIKLINGSPROGRAM
ATTRAKTIVT LOKALSAMFUNN
2.2.1 MÅL OG ANSVAR
Målformulering i omstillingsstrategien Vågsøy skal ha 6100 innbyggjarar innan 2012 og 6500 innbyggjarar innan 2020.
Ansvarleg for oppfølging av programmet
Vågsøy kommune
2.2.2 OVERORDNA PRIORITERINGAR
Folketalet i Vågsøy har falle kraftig, spesielt siste ti åra. Nedgangen skuldast hovudsakleg stor negativ netto flyttebalanse innanlands. Dei siste to åra (2007-09) har nedgangen stoppa opp og folketalet vore stabilt på ca 6.000. Det er normalt ein sterk samanheng mellom nettoflytting og utvikling i næringslivet. Kommunar som evnar å trekkje til seg innbyggjarar, vil i neste omgang også få stimulert næringslivet.
Ein stor del av befolkninga mellom 20 og 40 år flyttar frå Vågsøy. For å nå målet om auke i folketalet må denne flyttestraumen snuast, og tiltak setjast spesielt inn for å gjere kommunen attraktiv som bukommune for denne aldersgruppa. Målet for Vågsøy bør vere 6500 innbyggjarar innan 2020, for å kome seg opp att på nivået ein låg på i 1999. Dette vil innebere ein auke på vel 500 innbyggjarar i perioden.
For ei meir utfyllande omtale av prioriteringar og strategiar: Sjå Utviklingsplan for Vågsøy 2010-12
2.2.3 PRIORITERTE PROSJEKT 2010
B1. NÆRINGSLIV I SKULEN
PROSJEKTMÅL
Resultatmål: Alle som veks opp i Vågsøy skal få god kjennskap til næringslivet i kommunen og framtidige karrieremuligheiter. Det skal vere satsing på entreprenørskap i fleire fag gjennom heile skuleløpet frå barneskule til vidaregåande skule, med særleg vekt på ungdomsskulen. Flest mulig elevar skal få erfaring med elevbedrifter i ungdomsskule og vidaregåande skule.
Prosessmål 2010: Det skal utarbeidast ein overordna plan for kontakt mellom skulane og næringslivet i Vågsøy. Det skal etablerast konkrete prosjekt knytt til entreprenørskap ved Vågsøy ungdomsskule, i samarbeid med Vågsøy kommune, Måløy Vekst og Ungt Entreprenørskap. Vidareføre etablert konsept for presentasjon av næringslivet for 9. klasse, elevar ved Måløy vgs, utflytta ungdom heime på ferie og ungdom frå Vågsøy som studerer i dei største byane – i samarbeid med Framtidsfylket.
PROSJEKTPERIODE
Prosjektet bør gjennomførast i 2010.
BUDSJETTRAMMER OG FINANSIERING
Prosjektet krev eigeninnsats frå skular og kommune. I tillegg bør det avsetjast kr 250.000 i omstillingsmidlar for 2010.
PORSJEKTLEIING OG ANSVARSFORHOLD
Vågsøy kommune er prosjekteigar.
B2. SENTRUMSUTVIKLING MÅLØY
Vidareføring av prosjekt B5 i Handlingsplan 2009.
PROSJEKTMÅL
Resultatmål: Måløy sentrum skal vere eit attraktivt og unikt tettstadsmiljø som er med på å auke Vågsøy sin attraktivitet som bustadkommune, særleg for ungdom og unge vaksne.
Prosessmål 2010: Det skal utarbeidast faglege innspel til ein samla plan for sentrumsutvikling i Måløy. Faglege innspel skal omfatte aktivitetar og næringsutvikling i sentrum og områdeutvikling. Dette vil bl.a. innebere planar for hotell/næringsbygg i sentrum og tilrettelegging for fleire attraktive bustadmuligheiter, med spesiell vekt på sentrumsnære gjennomgangsbustader og leilegheiter for utleige.
Må sjåast i samanheng med prosjekt A3.
PROSJEKTPERIODE
Prosjektet bør gå over to år med oppstart i 2010.
BUDSJETTRAMMER OG FINANSIERING
Prosjektet krev eit spleiselag mellom handelsstanden, eigedomsbesitjarar, kommune og Måløy Vekst, i tillegg til ekstern finansiering (fylkeskommunen, Husbanken, KRD). Delprosjekta kan iverksetjast uavhengig av kvarandre, men det er ønskeleg at dei blir samordna. Det bør avsetjast kr 500.000 i omstillingsmidlar i 2010.
PROSJEKTLEIING OG ANSVARSFORHOLD
Vågsøy kommune er prosjekteigar.
B3. Vekstvenleg kommune
Vidareføring av prosjekt B1 i Handlingsplan 2009.
PROSJEKTMÅL
Resultatmål: Innbyggjarar, eksisterande og potensielle nye bedrifter skal alltid behandlast effektivt og med ei open og konstruktiv servicehaldning frå kommunale leiarar og saksbehandlarar. Vågsøy skal ha eit generelt godt omdømme lokalt, regionalt og nasjonalt.
Prosessmål 2010: Setje i verk konkrete tiltak for å forbetre avdekka forbetringspunkt for kommunal service overfor næringslivet. Gjenta innbyggjarundersøking som vart utført i 2009 og setje i verk tiltak retta inn mot innbyggarane, mellom anna som del av arbeid med ny kommuneplan for Vågsøy.
PROSJEKTPERIODE:
Forprosjekt gjennomført i 2009. Hovudprosjekt påbegynt i 2009 og skal vidareførast i 2010.
BUDSJETTRAMMER OG FINANSIERING:
Finansiering via eigeninnsats i Vågsøy kommune og omstillingsmidlar. Det bør setjast av kr 200.000 i omstillingsmidlar for 2010.
PROSJEKTLEIING OG ANSVARSFORHOLD
Vågsøy kommune prosjekteigar og prosjektansvarleg i hovudprosjekt.
ANDRE PROSJEKT
VEKSTVENNLEGE BYGDER Vidareføring av prosjekt B6 i Handlingsplan 2009. Bygdene i Vågsøy må utviklast som attraktive bumiljø for nye innflyttarar. Støtte opp om tiltak som fremjar utvikling i bygdene basert på lokale initiativ, og gjer det lett for folk utanfrå å finne attraktive bustader og bumiljø i bygdene. Det skal leggast til rette for at bygder i Vågsøy kjem inn under bygdeutviklingsprosjekt (BU-programmet) hos Fylkesmannen. Måløy Vekst har ansvar for oppfølging, men prosjekteigarskap for konkrete prosjekt må tilligge aktuelle bygdelag.
VELKOMMEN TIL VÅGSØY Vidareføring av prosjekt B3 i Handlingsplan 2009. Måløy Vekst og Vågsøy kommune har i 2009 saman etablert rutinar for korleis ein meir målretta og aktivt kan ta imot nye innflyttarar til kommunen. (Velkomstpakke, velkomstbrev, arrangement/samlingar for tilflyttarar). Prosjekteigarskap i 2010 ligg til Vågsøy kommune, men Måløy Vekst vil bidra i den grad kommunen ønskjer dette.
|