|
A1. Industriutvikling offshore vindkraft/fornybar havenergi
A2. Utdanningssenter for vedlikehald/drift av offshore vindparkar
A3. Fleirbruksbygg med nytt hotell i Måløy sentrum
A4. Breibandsamarbeid i næringslivet
A5. Behovsanalyse næringsareal
A6. Salsstrategi for nye bedriftsetableringar
UTVIKLINGPROGRAM NYE ARBEIDSPLASSAR
Målformulering i Utviklingsplan for Vågsøy 2010-12
Vågsøy skal ha netto arbeidsplassvekst på 100 innan 2012 og 300 innan 2020. Halvparten av veksten skal vere arbeidsplassar som krev utdanning på høgskule-/universitetsnivå.
Ansvarleg for oppfølging av programmet
Måløy Vekst
2.1.2 OVERORDNA PRIORITERINGAR
Å auke talet på arbeidsplassar er eit overordna mål med omstillingsarbeidet i Vågsøy. Talet på arbeidsplassar er i dag ca 2900, mot ca 3200 for 8-9 år sidan. Etter 2005 har det vore ein viss vekst, men langt svakare enn i resten av landet. Sysselsettinga i Vågsøy er framleis basert på eit uvanleg sterkt industrimiljø, særleg fiskeriindustri, verftsnæring/maritim teknologi og sal/eksport, men også med viktige bedrifter for kommunen i andre bransjar.
Forstudia og forprosjekta som er gjennomført i omstillingsarbeidet i 2007-09, syner eit stort potensial for å auke talet på arbeidsplassar i Vågsøy både i eksisterande bedrifter og ved nye etableringar. Det er også eit stort potensiale for å utvikle fleire arbeidsplassar knytt til eksisterande offentlege kompetansemiljø. Offentlege arbeidsplassar er særleg viktige for å kunne tilby ein ”jobb nr 2” for familiar/par der ein av partane har tilgang på jobb i næringslivet i Vågsøy.
For ei meir utfyllande omtale av prioriteringar og strategiar: Sjå Utviklingsplan for Vågsøy 2010-12
A1. INDUSTRIUTVIKLING OFFSHORE VINDKRAFT/FORNYBAR HAVENERGI
Vidareføring av prosjekt A4 ”Fornybar havenergi” i Handlingsplan 2009.
PROSJEKTMÅL
Resultatmål: Etablere og posisjonere Måløy og regionen rundt som eit senter for prototyp-utvikling og uttesting av teknologi knytt til offshore vindkraft og andre typar havbasert kraft. Etablere nye bedrifter og utviklingsprosjekt som skaper minst 30 nye arbeidsplassar innan 2012 og 100 nye innan 2020.
Prosessmål 2010: Etablere minst tre nye utviklingsprosjekt for lokale bedrifter knytt til fornybar havenergi. Etablere formelle samarbeid mellom det lokale næringslivsmiljøet og eksterne partnerar om utvikling av Testområde Stadt. Skape eit regionalt nettverk i Sogn og Fjordane om industriutvikling knytt til offshore vindkraft med Måløy som ”nav” og kompetansesenter (jf tilrådingar i ny rapport frå Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane).
PROSJEKTPERIODE: Prosjektet er ei vidareføring av prosjekt ”Fornybar havenergi” som starta i regi av Måløy Vekst i 2008 og har resultert i fleire nye utviklingsprosjekt allereie i 2009. Prosjektet har eit tidsperspektiv på 4-5 år, og er no i hovudprosjektfasen. BUDSJETTRAMMER OG FINANSIERING: Fellestiltak knytt til offshore vindkraft har i 2008/09 vore finansiert av omstillingsmidlar, Innovasjon Norge og eigeninnsats frå involverte bedrifter. Ved konkrete utviklingsprosjekt i enkeltbedrifter har finansieringa i hovudsak skjedd frå involverte bedrifter med støtte frå Innovasjon Norge.
Det er naturleg å vidareføre denne finansieringsmodellen også i 2010. Prosjektet har eit høgt ambisjonsnivå og har gitt lovande resultat så langt, Det bør setjast av kr 500.000 til prosjekt ”Industriutvikling offshore vindkraft” i 2009.
PROSJEKTLEIING OG ANSVARSFORHOLD: I konkrete industrisatsingar skal prosjekteigarskapet alltid ligge i involverte bedrifter. I fellesprosjekt som t d utvikling av heilskaplege konsept knytt til Testområde Stadt eller overordna industrisamarbeid med eksterne FoU-miljø (SINTEF, NOWITECH eller andre), kan Måløy Vekst ha prosjekteigarskap. Det er også naturleg at Måløy Vekst AS kan ta på seg sekretariatsoppgåver og prosjektansvar på vegne av det nyskipa Vindkraftforum Sogn og Fjordane, og dermed sikre at det blir bygd opp eit mest mogleg robust, heilskapleg kompetansemiljø på offshore vindkraft i Måløy.
A2. UTDANNINGSSENTER FOR VEDLIKEHALD/DRIFT AV OFFSHORE VINDPARKAR
PROSJEKTMÅL
Resultatmål: Etablere eit nasjonalt senter for opplæring av personell og simulering av vedlikehalds-/driftsoperasjonar knytt til offshore vindparkar i Måløy, i tilknyting til Maritim fagskule/skipssimulatoren. Etableringa skal skje som del av eit samla nasjonalt utviklingsløp for offshore vindkraft, i samarbeid med leiande FoU-miljø og industriaktørar på området.
Prosessmål 2010: Ferdigstille forprosjekt i første halvår inkl. avklaring av kva plass satsinga skal ha i ein samla nasjonal strategi for offshore vind. Sette i gong hovudprosjekt i andre halvår, inkl. nødvendige investeringar i utstyr og lokale.
PROSJEKTPERIODE: Forprosjekt første halvår 2010 – hovudprosjekt frå og med andre halvår 2010.
BUDSJETTRAMMER OF FINANSIERING: Finansiering bør i stor grad skje i regi av Vindkraftforum Sogn og Fjordane med tilhøyrande finansieringsmekanismar, samt med bidrag frå Maritim fagskule/Måløy vgs. Måløy Vekst bør bistå med prosjektbistand i forprosjektet. Det blir sett av 250.000 frå Måløy Vekst i 2010.
PROSJEKTLEIING OG ANSVARSFORHOLD: Prosjekteigarskapet bør tilligge Maritim fagskule/Måløy vgs. Forprosjektet bør avklare andre partnerar i hovudprosjektet, som t d NTNU/SINTEF, NOWITECH, energiselskap med behov for kompetanseoppbygging på vedlikehald/drift av offshore vindparkar og relevante lokale industriaktørar.
A3. FLEIRBRUKSBYGG MED NYTT HOTELL I MÅLØY SENTRUM
PROSJEKTMÅL
Resultatmål: Etablere eit nytt, særprega bygg på ”sentrumstomta” ved torget i Måløy med fleire ulike bruksområde samlokalisert, heriblant hotell. Bygget skal vere ein drivar for både sentrumsutvikling i Måløy og utvikling av ei større reiselivsnæring i Vågsøy.
Prosessmål 2010: Ferdigstille forprosjekt som fastset eit totalkonsept for bygget og aktuelle partnerar i utbygginga, samt finansieringsgrunnlag.
PROSJEKTPERIODE: Forprosjekt ferdigstilt i løpet av 2010.
BUDSJETTRAMMER OG FINANSIERING: Måløy Vekst stiller til disposisjon kr 250.000 til forprosjekt i 2010.
PROSJEKTLEIING OG ANSVARSFORHOLD: Måløy Vekst er prosjekteigar i forprosjektfasen i 2010, med aktuelle aktørar i prosjektet som deltakarar i prosjektgruppa. I ev neste fase må prosjekteigarskapet flyttast ut til aktørar som skal bygge ut prosjektet.
A4. BREIDBANDSAMARBEID I NÆRINGSLIVET
Vidareføring av prosjekt A5 i Handlingsplan 2009.
PROSJEKTMÅL
Resultatmål: Næringslivet i Vågsøy skal få tilgang til breiband med høg nok kapasitet og til konkurransedyktige prisar samanlikna med prisnivået i Oslo og andre store byar i Norge.
Prosessmål 2010: Få i stand avtalar med flest mulig bedrifter for å kople dei på det kommunale fibernettet. Innarbeide rutinar for Måløy Vekst Fiber AS i samarbeid med Vågsøy kommune ang leige og vidareleige av kommunens fibernett. Sørgje for utbygging av fiber til bedrifter som ligg utanfor den kommunale fiberen, jf tilsegn frå fylket i desember 2009 om midlar til delfinansiering av slik utbygging.
PROSJEKTPERIODE: Forstudie er gjennomført i siste kvartal 2008. Forprosjekt gjennomført i 2009. Hovudprosjekt påbegynt siste kvartal 2009 og skal vidareførast i 2010.
BUDSJETTRAMMER OF FINANSIERING: Forstudie og forprosjekt er finansiert av Måløy Vekst og Innovasjon Norge. Det er løyvd midlar frå Sogn og Fjordane fylke til fysisk utbygging av fibernett. Det vil vere behov for administrative ressursar frå Måløy Vekst for å få prosjektet over i ordinær driftsfase i 2010, samt å realisere nødvendig ytterligare fiberutbygging. Det blir sett av kr 250.000 til Prosjekt Breibandsamarbeid i næringslivet på Måløy Vekst sitt budsjett for 2010.
PROSJEKTLEIING OG ANSVARSFORHOLD: Måløy Vekst er prosjekteigar. I hovudprosjektet er Måløy Vekst Fiber AS prosjektansvarleg. Det kan også tenkast samarbeid i utbygginga med andre aktørar (Fibernett Nordfjord, innhaldsleverandørar og private fiberutbyggarar).
A5. BEHOVSANALYSE NÆRINGSAREAL
Vidareføring av prosjekt A6 i Handlingsplan 2009.
PROSJEKTMÅL
Resultatmål: Vågsøy og regionen rundt skal ha tilgjengeleg veleigna areal med avklart reguleringsstatus for å dekke framtidige behov for eksisterande bedrifter, samt til nye bedriftsetableringar innanfor prioritere næringsområde.
Prosessmål 2010: Fullføre ein samla analyse over behovet for framtidig næringsareal, sett opp mot dagens status for tilgjengelege næringsareal. Levere analysen som eit innspel til Vågsøy kommune i arbeid med ny kommuneplan. Starte utvikling av 1-2 konkrete nye næringsareal. Starte arbeidet med regional plan for større næringsetableringar mellom Florø og Stad (45-minuttsregionen).
PROSJKETPERIODE: Pågåande forprosjekt skal ferdigstillast første halvår 2010. Neste fase skal påbegynnast andre halvår 2010.
BUDSJETTRAMME OG FINANSIERING: Det blir sett av kr 400.000 til Prosjekt Behovsanalyse for næringsareal på Måløy Vekst sitt budsjett for 2010.
PROSJKETLEIING OG ANSVARSFORHOLD: Måløy Vekst er prosjekteigar. Analysen skal overleverast Vågsøy kommune, som er prosjekteigar for oppfølging i form av nødvendig plan- og reguleringsarbeid.
A6. SALASSTRATEGI FOR NYE BEDRIFTSETABLERINGAR
PROSJEKTMÅL
Resultatmål: Etablere ein samla strategi for å tiltrekke nye, større bedriftsetableringar til Vågsøy, med særleg vekt på dei unike sjønære areala i Vågsøy med plassering midt i skipsleia og gode kaiforhold. Lukkast med å realisere 2-3 slike etableringar innan 2013.
Prosessmål 2010: Utarbeide eit samla salskonsept og salsstrategi for aktuelle næringsområde. Presentere dette for energibransjen nasjonalt og internasjonalt på ONS 2010 i august, samt aktiv oppfølging av dette i etterkant.
PROSJEKTPERIODE: Oppstart i 2010, 2-3 års tidsperspektiv.
BUDSJETTERING OG FINANSIERING: Samarbeid mellom Måløy Vekst og Nordfjord Havn. Det bør avsetjast 400.000 kr i omstillingsmidlar til prosjektet i 2010.
PROSJEKTLEIING OG ANSVARSFORHOLD: Nordfjord Havn er prosjekteigar.
|