Ambulansearbeidar Måløy

Arbeidsgjevar:
Stillingstittel:
Søknadsfrist:

Helse Førde
Ambulansearbeidar
16. desember

Måløy ambulansestasjon søkjer etter personell til følgjande stillingar:  
3 x 100% fast stilling som Ambulansearbeidar Oppstart: 17.02.2025

Prehospital avdeling består av ambulanseseksjonane og AMK Førde, som ligg organisert i Kirurgisk klinikk. Ambulansetenesta består av 19 døgnambulansar og 8 dagambulansar. Dette i tillegg til 2 moderne ambulansebåtar som dekkjer kystlinja vår frå stasjon i Solund og Florø. Tenesta har omlag 230 tilsette fordelt på våre 16 stasjonar i helseføretaket sitt nedslagsfelt. Vi har eiga særavtale for kompetansetillegg for ambulansearbeidarar. 

Måløy ambulansestasjon har 21 årsverk og har 2 døgnbiler i tillegg til 1 dagbil. Tilsette roterer mellom vakt på hovud- og satelittstasjon. Alle vaktskifte skjer ved hovudstasjon. Tilsette jobbar dagvakter på dagbil og døgnvakter. Alle våre stasjonar har årsplan/kalendarplan. 

Arbeidsoppgåver

  • Beredskap for, og utføring av ambulanseoppdrag
  • Beredskapsretta arbeid, internt utviklingsarbeid og internundervisning
  • Delta på undervisning og sertifisering / utsjekk i tråd med tenesta sin kompetanseplan
  • Eigentrening og teamtrening
  • Kontroll og vedlikehald av beredskapsutstyr og ambulansar
  • Reinhald og klargjering av utstyr, uniformar og stasjon
  • Interne arbeidsoppgåver på stasjonen og elles i avdelinga
  • Utføre sitt arbeid i tråd med gjeldande lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som gjeld for føretaket

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som ambulansearbeidar
  • Førarkort kl. C1
  • Kompetansebevis for utrykkingskøyring, kode 160. I tillegg delta på regelmessig vedlikehaldstrening.
  • Tilfredstille medisinske krav til førarkort klasse D.
  • Politiattest krevst før tilsetting etter lov om Helsepersonell § 20a.  
  • Bestå trinn 2 kompetanseutsjekk, seinast innan 6 månadar etter tilsetting.  
  • Stor arbeidskapasitet
  • God fysisk helse. Søkjar må bestå fysisk test før tilsetting. Krava ligg på ambulansetenesta sine nettsider.  
  • For ambulansearbeidarar er det ønskeleg med vidareutdanning (årsstudium) som paramedic. 
  • Geografisk kjennskap til lokalområdet er fordelaktig  
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
  • Pasientorientert med respekt for den einskilde pasient
  • Gode kommunikasjons – og samarbeidsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men og vere ein god teamarbeidar/teamleiar for m.a. kunne ta leiing og jobbe effektivt i akuttmedisinske situasjonar
  • Halde seg i god fysisk form som krevst for å utføre oppgåvene som ambulanasearbeidar
  • Like å tidvis ha det hektisk og jobbe med høg aktivitet
  • Pliktoppfyllande
  • Fleksibel i høve til å jobbe på ulike stasjonar
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vektleggast

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid 
  • Kompetanseutvikling i form av ei teneste i stor fagleg utvikling og eigen kompetanseplan

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.