Vi søkjer ein positiv og imøtekomande person til ein spennande og utfordrande jobb som bilmekanikar/teknikar ved vårt anlegg i Måløy.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere diagnose og feilsøking, samt mekanisk arbeid. Det vil bli gjeve teknisk opplæring via Volkswagen, Audi og Skoda sine opplæringsprogram.
Vi kan tilby konkurransedyktige vilkår og gode forsikrings- og pensjonsordningar som du vil nyte godt av.
Meir informasjon om stillinga får du hos Arne Færestrand, tlf. 99 20 50 67.
Om arbeidsgiveren
Med seks anlegg er Berge & Co den største bilforhandlaren i vår region. Sidan 1954 har vi hatt fokus på å selje dei beste bilane, og det har vi framleis. Vi har anlegg i Førde, Sogndal, Stryn, Ørsta, Florø og Måløy, og driv med sal og service av Volkswagen, Volkswagen nyttekøyretøy, Audi og Skoda, samt brukte bilar. Årleg sel vi ca 1800 bilar, og omset for rundt 700 mill. kroner. Til saman har rundt 125 tilsette har sitt daglege virke i Berge & Co.