Bli guide for cruiseturistar!

Søknadsfrist: Snarest

Måløy Adventure trenger guider til siste innspurt av cruisesesongen. Er du over 18 år, språkleg dyktig og utadvent? Då vil vi gjerne høyre frå deg! Vi er på jakt etter personar om vil vere med på å gje gjestane våre fantastiske opplevingar på ein eller fleire av følgande datoar:

  • 29. august
  • 5. september
  • 6. eptember
  • 12. september
  • 13. september
  • 20. september

Kvalifikasjonskrav:

  • Utadvent og omgjengeleg
  • Kan kommunisere på flytande engelsk
  • Fleirspråkleg er ein stor fordel (tysk, fransk, spansk, italiensk)
  • Gode allmennkunnskapar
  • Minimum 18 år

Stillinga som guide er oppdragsbasert og blir honorert per time eller per oppdrag etter avtale.

Arbeidsoppgåver:

  • Vere vertskap og reiseleder for ei gruppe turistar under utflukter til lokale severdigheiter eller aktivitetar
  • Formidle fakta og lokal historie under transport til og frå utflukter
  • Ha kontroll over tidsbruk og noko logistikk knytt til utflukter
  • Vere tilgjengeleg, synleg og behjelpeleg for gjestane, samt svare på spørsmål

Måløy Adventure tilbyr:

  • Manus og materiale til alle utflukter
  • Konkurransedyktige lønns- og arbeidsvilkår
  • Språk- og erfaringstillegg
  • Utstyr og bekledning