Søknadsfrist: 8. november
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Ein av våre maskinsjefar skal delta på ombyggingsprosjekt, difor har vi ledig engasjement som maskinsjef i sambandet Måløy-Oldeide, p.t MF Hornelen.
Varigheit: juni 2024, moglegheit for fast tilsetjing vidare i Fjord1.
Familie og fritidsvenneleg turnus, døgnskift med arbeid mand-tirs, onsd-tors, fred-mand,tirs-onsd, tors-fred.
Turnus 2 veker på 1 veke av, 2 veker på 3 veker av, fri 3 av 4 helger.
Som følge av døgnskift bør søkjar bu innan ein time reiseveg frå sambandet. Ein flott jobb å kombinere med famileliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar og skal sjå til at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerer i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at trggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbskildringar i vedlikehaldssystemet og reservedel-oversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
- Kompetanse på energileiing ihht. kompetansebehov
Kvalifikasjonar
- M3-sertifikat (M4-sertifikat kan vere aktuelt om fagskule er bestått og ein har 6 mnd fartstid).
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
- Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsetnadar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- Gode kommunikasjonsevner
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Maskinistforbundet
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: Døgnskift, 2 veker på, 1 veke av, 2 veker på, 3 veker av.
Kontaktinformasjon
Siv Mette Furnes, Bemanningskoordinator, 95700962