Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

Informasjons- og arbeidsmøte om utvikling av destinasjonskonsept

20. mars 2023 18:00 20:30

Måndag 20. mars kl. 18.00-20.30.
Formannskapssalen, Måløy.

Måløy Vekst, Stad Vekst og Vanylven Utvikling inviterer til informasjons- og arbeidsmøte om utvikling av destinasjonskonsept for kommunane Kinn, Stad og Vanylven.

Destinasjonskonseptet skal ta utgangspunkt i dei kvalitetane vi har som lokalsamfunn, reisemål og næringsliv i dag, og dei nye moglegheitene som opnar seg med Stad Skipstunnel.

Møtet er for deg som bur i desse kommunane; unge og gamle, de som driv næring og off. aktørar. 

Plan for kvelden: 

  • Velkomne med kort orientering om prosjektet og bakgrunn 
  • Kva er eit destinasjonskonsept – gjennomgang av  utkast  
  • Identitet – kva kjenneteiknar folket, energien, atmosfæren og stemninga? Vi arbeider i grupper
  • Trendar, marknader og målgrupper
  • Vegen vidare

Dette påmeldingsskjemaet gjeld for møtet som finner stad i Måløy. Det blir også møter i Stad og Vanylven.
– Vanylven kommune: tysdag 21. mars klokka 1800 i kommunestyresalen, Fiskå
– Stad kommune: onsdag 22. mars klokka 1800 på Stad Hotell

Dersom tidspunkt for «di kommune» ikkje høver er du hjerteleg velkomen til å delta på møta i dei andre kommunane.