Frydenbø Bil i Måløy søkjer deg som er klar for nye utfordringar og ønskjer å jobbe med framtidsretta teknologi og sterke bilmerke. Vi har ei spennande stilling ledig for ein dyktig mekanikar som vil bli ein del av teamet vårt i Måløy. Verkstaden vår er autorisert merkeverkstad for Volkswagen og Skoda, og vi betener kundar frå heile ytre Nordfjord.
Hos oss blir du ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt miljø, med tilgang til moderne utstyr og gode rammer for utvikling. Vi legg stor vekt på kompetanse, og som tilsett får du gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling, blant anna gjennom Harald A. Møller kompetansesenter.
Vi set verdiane entusiastisk, ærleg og ansvarleg høgt, desse pregar både kvardagen vår, korleis vi samarbeider og møter kundane våre.