Måløy Vekst har sendt eit innspel til hovedutvalet for opplæring og kompetanse i Vestland fylke der vi ber om at dei sikrar oppstart av VG2-klassane i Kokk og servitørfag, Informasjonsteknologi og Helsearbeidarfag ved Måløy vidaregåande skule, samt VG2 Sal, service og reiseliv ved Flora vidaregåande skule frå hausten.
Vi reagerer sterkt på framlegget om å kutte oppstart av desse klassane, då det bryt med tidlegare lovnader om at elevane skulle få fullføre utdanninga si.
Vi meiner desse tilboda er avgjerande for å utvikle lokal kompetanse, styrke næringslivet og støtte reiselivssatsinga i regionen. Å leggje ned klassene kan svekkje rekrutteringa, føre til fråflytting av ungdom og undergrave tilliten til fylkeskommunen som samarbeidspartnar.
Les heile innspelet her!
Oppmoding om å vidareføre VG2-klassar ved Måløy og Flora vidaregåande skular
På vegne av næringslivet i regionen, og elevane det gjeld, vil Måløy Vekst komme med innspel til framlegget om å ikkje starte opp VG2 Kokk og servitørfag, VG2 Informasjonsteknologi og VG2 Helsearbeidarfag ved Måløy vidaregåande skule, samt VG2 Sal, service og reiseliv ved Flora vidaregåande skule frå skuleåret 2025/2026.
Vi reagerer sterkt på dette forslaget, og vil påpeike at eit slikt vedtak vil representere eit løftebrot frå fylkeskommunen. Fylkeskommunen gjennomførte ein svært opprivande prosess i samband med tilbodsstruktursaka i fjor, og dette var krevande og skapte stor usikkerhet for mange lokalsamfunn, bedrifter, tilsette og elevar. I fleire møte vart det gitt signal frå både administrasjon og politikarar om at elevar som hadde starta sine studieløp innan berørte programområde, skulle få fullføre utdanninga si ved skulen – sjølv om programområda på sikt vart avvikla. Dersom ein no vel å ikkje starte opp desse VG2-klassene vil dette vere i strid med med føresetnadane som vart lagt i saka om tilbodsstruktur og kan føre til svekt tillit til fylkeskommunen som skuleeigar. Vi forventar at Vestland fylke opptrer som ein seriøs samarbeidspartnar for både næringsliv, kommunar og lokalsamfunn, og at ein kan stole på fylkeskommunen.
Restaurant- og matfag, og spesielt VG2 Kokk og servitørfag, spelar ei sentral rolle i satsinga på reiseliv og lokal verdiskaping.
Dette programområdet har i 2025 eit svært godt søkjartal på VG1-nivå, noko som viser at interessa blant ungdom er aukande. I saka om tilbodsstruktur vart det lagt til rette for det som vart kalla Måløy-modellen, altså at ein kunne gjennomføre undervisninga i kombinasjonsklasser mellom VG1 og VG2. Det vart difor lyst ut ein halv klasse på VG1 og ei halv klasse på VG2. Gjennom systematisk jobbing frå både skulen og næringslivet for å marknadsføre tilbodet, så har ein lukkast i å auke søkjartalet, som no gjer grunnlag for ei heil klasse på VG1. Det er då smått utruleg at konsekvensen av det då vert at fylkesadministrasjonen vel å foreslå å legge ned tilbodet på VG2 i staden for å finne løysingar slik at ein kan vidareføre tilbodet på VG2 for dei som allereie har starta på utdanningsløpet i Måløy. Det er og viktig å peike på det nære samarbeidet mellom skule og næringsliv som har skapt eit førebilete for korleis ein kan utdanne fagfolk som møter både lokale og regionale behov. Denne modellen har bidrege til at elevar raskare kjem ut i lære, og at reiselivs- og serveringsnæringa i området har fått tilgang på kompetent arbeidskraft. I ei tid der både reiselivsnæringa og matopplevingar blir løfta fram som ein viktig del av den framtidige næringsutviklinga på kysten, er det spesielt uheldig å svekkje opplæringstilbodet som skal understøtte denne utviklinga.
Også elevane ved VG2 Informasjonsteknologi og VG2 Helsearbeidarfag ved Måløy vidaregåande skule, samt VG2 Sal, service og reiseliv ved Flora vidaregåande skule har fått signal om at dei skal få fullføre sine studieløp på skulen dei har starta. Vi ønskjer å minne om at tilknytning til skulen, vener og heimstaden sin er viktig for dei framtidige beslutningane desse elevane skal ta.Å kutte desse klassene vil svekkje rekrutteringa til viktige sektorar og kunne føre til fråflytting av ungdom som elles kunne vore framtidige arbeidstakarar og etablerarar i regionen.
Måløy Vekst ber difor hovudutvalet om å sikre oppstart av dei nemnde VG2-tilboda for skuleåret 2025/2026, i samsvar med tidlegare føringar og med omsyn til behovet for kompetanseutvikling og lokal verdiskaping.
Vi stiller gjerne til eit møte for å utdjupe våre synspunkt og vise korleis desse tilboda heng saman med overordna utviklingsstrategiar for regionen.