Havna Vertshus søker medarbeidere

Del dette INNLEGGET

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin
Share on pinterest
Share on print
Share on email

Havna Vertshus søkjer kokk, servitør, barmedarbeidere og ryddehjelp til nystarta vertshus i Måløy.

Arbeidstakar må ha god norsk språkkunnskap, og helst også beherske engelsk språk.

I eit triveleg arbeidsmiljø, skal du være med å bygge opp bedrifta, og skape varige gode relasjonar til kundar og kollegaer.

Arbeidsoppgåver vil være å hjelpe med produksjon av bakevarer, varme og kalde rettar, catering og selskapsmat. Ha ansvar for servering av øl, vin og brennevin, samt mat i form av ala carte og buffé. Blanda meny, men med fokus på servering av tradisjonell norske middagsrettar. Ansvar for daglege reinhald av lokaler.

Relevant erfaring frå restaurant, cafe eller bar, samt fagbrev er å føretrekke.

Om du er utan relevant erfaring, men har ambisjonar og pågangsmot, er du også hjarteleg velkommen til å søke.

Stillingsprosent for servitør og kokk er inntil 100%. Endelege stillingsprosent og evt. turnus vert avtalt ved tilsetting.

Om du meiner du er den rette kandidaten for denne stillinga, og at du med din positive innstilling kan bidra til eit godt arbeidsmiljø, så send søknad omgåande.

Søknadar vert vurderte fortløpande.

Kontaktperson: Frode Kupen
Telefon: 91327818
Epost: kontakt@havnavertshus.no

Havna Vertshus er sentralt plassert i «Havnekvartalet» i Måløy, og er nærmaste nabo til den populære bubilparkeringa og småbåthamna i sentrum av byen.

Restaurant/cafe/pub på gateplan er totalrenovert i 2022, og framstår no som nytt. Der er plass til 50 – 70 gjestar. I tillegg er der 240 m2 uteservering mot hamna, som er open i sommarsesongen.

Det er 99-års historie for handel og servering i lokala. Inventar og stemning i lokala skal formidle historia frå tidlegare drift, samt noko av historia til fiskerilandsbyen Måløy.

I dei andre etasjane i bygget er der leilegheiter og rom for utleige. Desse vært fortløpande renoverte, og sett i utleige.