Kinn kommune søker avdelingsleiar i Måløy Miljøteneste

Søknadsfrist: 14. april

Kinn kommune er ein heimetenestekommune og miljøtenesta vår er ein del av heimetenesta. Du blir ein del av vårt dyktige leiarteam som har fokus på utvikling, kompetanse og systematisk etisk refleksjon. Tenesteområdet du skal ha medansvar for, er ei teneste for menneske med nedsett funksjonsevne, som bur i eigen heim. Avdelinga har døgnkontinuerlig drift. Kontorstad er i Måløy på Vågsøy omsorgssenter. Tenesteleiar blir din overordna leiar og du vil jobbe 60 % i drift og 40 % i leiing.

Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for faglege vurderingar, rettleie av personale og utvikling av avdelinga. 
  • Samhandle med pårørande, verge og andre aktuelle partar.
  • Ha ansvar for den daglege drifta i samarbeid med tenesteleiar og øvrig leiing. Oppfølging av tilsette med sjukefråvær.
  • Samhandle på tvers av einingane i kommunen, bidra med innspel, råd og samhandling.
  • Oppfølging av nytilsette i samarbeid med personale.
  • Møteleiing i avdelinga.
  • Medansvar for lærlingar og studentar.
  • Oppfølging av internkontrollsystem.

Du vil ha ansvar for å utarbeide turnusar og arbeidsplanar for dei tilsette, og ha oppfølging i ajourhold i RS og vikarbooking.

I arbeidet med å leie tenesta er det viktig med fokus på faglegheit, lovverk og etikk. Gode samarbeidsevner og brukarfokus vil vere viktig i ditt arbeid. 

Kvalifikasjonar

  • Bestått 3 årig sjukepleier- eller vernepleier utdanning.   
  • Det er ynskjeleg med leiarerfaring, eller motivasjon for å vere leiar.
  • Leiarutdanning er en fordel, om du ikkje har det, må du vere villig til å ta relevant leiarutdanning. 
  • Du må beherske norsk munnleg og skrifteleg.
  • Du må ha god rolle- system- og organisasjonsforståing.
  • Førerkort klasse B er eit krav.
  • Du må ha god datakompetanse, og kunne tileigne deg bruk av våre fagsystem som er CosDoc,  WebSak og RS.
  • Du er oppdatert på nasjonale mål og på relevant lov-og avtaleverk, og har gode strategiske og analytiske evner.

Personlege eigenskapar

  • Har god relasjonell kompetanse.
  • Er selvstendig og endringsvillig.
  • “Ser” dine medarbeidarar og får kvar einskild til å føle seg verdsatt.
  • Er strukturert, tydeleg og god på å samarbeide med andre, også på tvers av tenestene i kommuna.
  • Du er ein motiverande leiar. Er ein god rollemodell og inspirerer andre til å bidra.
  • Liker endring og er god på å leie og inkludere dei tilsette.
  • Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert.
  • Liker å ha ansvar, tek ansvar og ansvarliggjer tilsette.

Vi tilbyr

  • Ein spannande jobb med kjekke kollegaer.
  • Varierte arbeidsdagar med utfordringar og utviklingsmoglegheiter. 
  • Godt fagleg miljø med bl.a. internundervisning. Vi legg til rette for meir leiarutdanning / kompetanseutvikling og systematisk etisk refleksjon for leiarar.
  • Fleksitid for 40% av stillinga som er i leiing. Resterande arbeidstid vil være i drift, også på helg og høgtid.
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger.
  • Løns- og arbeidsvilkår i sqamsvar med lokalt og sentralt avtaleverk.
  • For nytilsetningar er det 6 måneder prøvetid.
  • Politiattest skal fremleggast før ein tiltrer stillinga.

Har du spørsmål knytta til stillingsannonsen, ta gjerne kontakt for meir informasjon. 

Kontaktinformasjon

Rakel Garnes, Tenesteleiar Måløy miljøteneste, avlastning og støttande tiltak, +47 41922879, rakel.garnes@kinn.kommune.no