Kinn kommune søker ein byggesakshandsamar i 100% fast stilling ved avdeling for arealforvalting og byggesak. Valfri kontorplass er Måløy eller Florø.
Ansvarsområdet for denne avdelinga omfattar tenester som plan- og byggesak, oppmåling, kart- og geodata, landbruksforvaltning, natur- og miljøforvaltning. Det er idag 23 ansatte på avdelinga.
Vi har varierte arbeidsoppgåver med faglege utfordringar som krever høg kompetanse. Godt samarbeid og kunnskapsdeling mellom fagområda står sentralt i det daglege arbeidet. Dette gjev gode moglegheiter for fagleg utvikling. Hos oss får du høve til å være med på utviklinga av ein spanande kommune med stort potensiale for vekst
Arbeidsoppgåver
Som saksbehandler hos oss vil du få jobbe med desse oppgåvene:
- Byggesaks- og klagebehandling
- Dispensasjonsbehandling
- Delesaker
- Forhandskonferanser med søkarar
- Andre oppgåver innan fagfeltet
Kvalifikasjonar
- Bachelor- eller mastergrad innan ingeniørfag, planfag, jus eller andre relevante fag
- Relevant erfaring fra heile eller deler av ansvarsområdet til stillinga kan kompensere for utdanningskravet
- Gode IT-kunnskapar
- Kunnskap om Plan- og bygningsloven er ein fordel
- Relevant praksis frå offentleg eller privat sektor er ønskeleg
- Du beherskar norsk godt, både muntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du må ha høg integritet og være ansvarsbevisst
- Du er analytisk, strukturert, og kan løyse komplekse problemstillingar
- Du likar å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med kollegaer
- Du må trivst med høgt arbeidstempo og takle endringar
- Personleg egnetheit for stillinga vil bli tillagt stor vekt
- Stillinga krev mykje kundekontakt og du må trivest med å følge opp publikum
Vi tilbyr
- Ei interessant stilling med muligheiter for karriereutvikling
- Eit raust og triveleg arbeidsmiljø
- Eit godt kollegialt fellesskap med mykje arbeidsglede og godt humør
- Lønn og arbeidsvilkår i henhald til tariffavtale og lokale lønnspolitiske retningsliner
- Dekning av flytteutgifter etter kommunalt reglement
- Kommunal pensjons- og forsikringsordning