Kinn kommune er ein heimetenestekommune, og satsar på kvardagsmeistring og velfersdteknologi. Som tenesteleiar blir du del av eit leiarnettverk som blir leia av kommunalsjef Helse og velferd. I nettverket er det er totalt 16 tenesteleiarar og 1 rådgjevarar/ nestleiar som er ansvarleg for at kvaliteten på tenestane til brukarane er gode, og i samsvar med dei mål Kinn kommune har satt.
Tenesta og dagsenteret har base på Vågsøy Omsorgssenter. Du får ansvar for Måløy Miljøteneste, avlastning til barn og unge og dagsenter for miljøtenesta i lag med avdelingsleiar. Tenesta har dyktige tilsette som er fag- eller høgskuleutdanna i alle stillingar. Kinn kommune har kompetanselønnssystem som godtgjer tilleggsutdanning. Vi nyttar årsturnus.
Arbeidsoppgåver
Som tenesteleiar har du ansvar for å utvikle eit kreativt og kunnskapsbasert arbeidsmiljø i miljøtenesta og dagsenter for miljøtenensta. Du er leiar og hovudansvarleg for god omdømebygging. Du i samråd medarbeidarar har ansvar for at kvaliteten på tenesta som skal utøvast til brukerane er gode og samsvarar med dei mål Kinn kommune har satt.
Tenesteleiar har eit heilskapleg ansvar for sitt område i høve:
• Planlegging, kvalitet og fagutvikling
• Sakshandsaming
• Økonomi -budsjettstyring
• Leiing og personalansvar
Tenesteleiar rapporterer direkte til kommunalsjef for Helse og velferd.
Kvalifikasjonar
- 3 årig høgskule eller meir innan helse og omsorgsfag,
- Du må ha leiarerfaring og det er ynskjeleg med vidareutdanning i leiing
- Du må ha god datakompetanse, og kunne bruke våre fagsystem som er Cos Doc ,RS, Framsikt og WebSak.
- Du må ha god økonomiforståing, og kunne styre etter tildelt ramme
- Gjerne erfaring og kompetanse i tverrfagleg samarbeid og teamarbeid
Personlege eigenskapar
- Er lojal og har evne til å gjennomføre politiske og administrative avgjerder
- Har gode kommunikasjonsevner og sosial kompetanse.
Likar endring og er god på å leie sine medarbeidarar gjennom endringsprosesser - Kan jobbe sjølvstendig
- Er fleksibel, kreativ, nytenkjande og løysingsorientert
Likar å ha ansvar, tek ansvar og ansvarleggjer tilsette
Vi tilbyr
- Ein kompetansearbeidsplass der du får vere med å utvikle tenestene saman med andre
- Samarbeid med mange motiverte og godt kvalifiserte medarbeidarar
- Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer eigen arbeidsdag.
- Høve til personleg utvikling og fagleg etter- og vidareutdanning
- Vi har rutine på korleis nye leiarar får oppfølging og rettleiing
- Systematisk etisk refleksjon for leiarar.
- God pensjonsordning i KLP
- Løn etter kompetanse