Lidenskap for mennesker og tall og søker nye utfordringer? Accountor søker kundeansvarlig

Arbeidsgjevar:
Stillingstittel:
Søknadsfrist:

Accountor
Kundeansvarlig
Snarest

Vårt mål er å vere best på automatiserte softwareløysingar, kostnadsreduksjon og fornøgde kundar – og vi ønskar deg som delar våre mål med på laget! Vi ser no etter ein ny engasjert kundeansvarlig til vårt kundeteam i Nordfjord, kor du vil bli en del av eit mangfoldig team av 13 kollegaer i tillegg til avdelingsleiar Lena Skinlo.
Vi er lokalisert på Nordfjordeid, Sandane og i Måløy, og er til saman 30 medarbeidarar bestående av kundeansvarlige, lønnsteam og regnskapsteam.
Du vil få din eigen portefølje med spennande kundar, samt samarbeide med regnskapsteam, avdelingsleiar, salgsteam og andre kundeansvarlige. Det kan også vere av interesse om du er av typen som likar ein kvardag med adhoc-oppgåver og spesifikk rådgivning.

Kven er du?
Som person er du utadvendt, og trivast med å bygge gode relasjonar. Vi ser både etter deg som er nyutdanna, og deg med fleire år under beltet!
Vidare har du sterke kommunikasjonsevner, og du motiverast av å finne dei beste løysingane for våre kundar. Vi ser for oss at du har ein god forretningsforståelse av kundars lønnsomhet, og er ivrig etter å fortsette eiga læring og utvikling.

Videre har du:

  • Bachelor innan finans, økonomi, revisjon e.l.
  • Kunnskap om regnskaps- og lønnsprosessar
  • 1-3 års relevant arbeidserfaring, eller har du kanskje hatt ein relevant deltidsjobb ved sida av studiane
  • Flytande muntlig og skriftlig i Norsk og Engelsk
  • Du er service- og løysingsorientert
  • Du jobbar godt sjølvstendig, i tillegg til gode samarbeidsevner 
  • Bonus om du er statsautorisert rekneskapsførar og har erfaring fra B2B-bedrift, men ikkje et krav
     

Og ikkje minst, du motiverast av spennande endringar og ønskar å være med på å forme nye og innovative løysingar!

Kva vil du gjere?

I rolla som kundeansvarlig i Accountor Nordfjord vil du være ein sentral del i vår måloppnåing. Du vil jobbe direkte med kunden, sørge for dei beste løysingane og yte god service frå oppstart og utover i kundeforholdet.

Vidare vil du:

  • Sørge for kundeoptimialisering via automatisering
  • Sørge for god kundeservice i henhald til kundeplan
  • Økonomisk rådgjeving og meirsalg
  • Periodisk rekneskapsrapportering
  • Budsjettering og årsoppgjer
  • Følge opp og analysere kundelønnsemd
  • Faktureringsansvar på eigen kundeportefølje i samråd med avdelingsleiar
  • Oppdatere avtalar, handtere kompensasjonar
  • Sikre at man jobbar i henhald til Accountor sine rekneskapsprosessar
     

Kva kan vi tilby deg?
I Accountor blir du ein del av et av Nord-Europas største selskap innan vårt felt, og i ein bransje som er i ei spennande endring. Du vil få jobbe i eit sterkt faglig miljø, omgitt av dyktige og framoverlente kollegaer.

Vidare kan vi også tilby:

  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Muligheten til å bli statsautorisert rekneskapsførar
  • Mulighet til heimekontor og fleksitid
  • Moderne løysingar til våre kundar og dermed ein mer spennende jobb for våre medarbeidarar
  • Ein jobb som tilbyr varig personlig utvikling
  • Gode utviklingsmulighetar både lokalt og nasjonalt!

Vi kan også tilby konkurransedyktige betingelsar, eit godt arbeidsmiljø, sosiale arrangement og kollegaer som vil jobbe saman for å levere framtidas tjenestar til våre kunder.
Arbeidsstad vil etter eige ønske vere Sandane, Nordfjordeid eller Måløy.

Høyrest dette ut som noko for deg? Send inn din søknad med din motivasjon for stillinga, samt din oppdaterte CV. Avdelingsleiar Lena Skinlo kan kontaktast på e-post lena.skinlo@accountor.no eller på telefon 48607301 dersom du skulle ha spørsmål.
Vi gledar oss til å høyre fra akkurat deg!

Har du andre spørsmål, eller ønsker en prat om andre stillinger i Accontor As? 
Kontakt vår People&Culture avdeling
Senior rådgiver Elisabeth Bang /elisabeth.bang@accountor.no
Avdelingsleder Inger Tande /inger.tande@accountor.no