Måløy ambulansestasjon søker fast ambulansearbeider

Del dette INNLEGGET

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin
Share on pinterest
Share on print
Share on email

Måløy ambulansestasjon søkjer etter personell til følgjande stilling:  

  • 100% fast stilling som ambulansearbeidar 
  • Oppstart:  september 2022

Ambulansetenesta ligg organisert i avdeling for akuttmedisin i Kirurgisk klinikk. Tenesta har i dag 21 døgnambulansar, 7 dagambulansar i tillegg til ambulansebåtar langs kysten. Tenesta har omlag 200 tilsette fordelt over stasjonane i Helse Førde sitt nedslagsfelt. 

Måløy ambulansestasjon har 17 årsverk og har 2 døgnbilar i tillegg til ein dagbil måndag til fredag. Ambulansearbeidarar frå Måløy roterar i vaktperiodar til ambulansestasjonen i Selje. Alle vaktskifte skjer ved stasjonen i Måløy. Tilsette jobbar dagvakter på dagbil og elles døgnvakter. 

Søkjar må vere budd på organisatoriske endringar som fylgje av nye og endra oppgåver innan fagfeltet.

Arbeidsoppgåver

  • Beredskap for, og utføring av ambulanseoppdrag
  • Beredskapsretta arbeid, internt utviklingsarbeid og internundervisning
  • Delta på undervisning og sertifisering / utsjekk i tråd med tenesta sin kompetanseplan
  • Eigentrening og teamtrening
  • Kontroll og vedlikehald av beredskapsutstyr og ambulansar
  • Reinhald og klargjering av utstyr, uniformar og stasjon
  • Interne arbeidsoppgåver på stasjonen og elles i avdelinga
  • Utføre sitt arbeid i tråd med gjeldande lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som gjeld for føretaket

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som ambulansearbeidar
  • Vidareutdanning med bachelor i paramedisin eller sjukepleie, ev. årsstudium som paramedic er ønskeleg
  • Førarkort kl. C1
  • Utrykkingskompetanse K160 og må gjennomføre vedlikehaldstrening for utrykkningsførar)
  • Tilfredstille medisinske krav til førarkort klasse D
  • Delta og bestå trinn 2 kompetanse i Helse Førde etter tenesta sin kompetanseplan 
  • Grunnleggande IKT kunnskap
  • Stor arbeidskapasitet
  • God fysisk og psykisk helse. Søkjar må bestå fysisk test før tilsetting. Testen kan bli gjennomført i forkant eller i samband med intervju. Nærare informasjon om krava finn du på Helse Førde og ambulansetenesta si internettside
  • Geografisk kjennskap til lokalområdet er fordelaktig  
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Politiattest krevst før tilsetting i stillinga etter lov om Helsepersonell § 20a.  

Utdanningsretning

  • Sjukepleie
  • Ambulansefag

Utdanningsnivå

  • Fagskule/fagbrev
  • Høgskule/universitet, årsstudie / grunnfag

Personlege eigenskapar

  • Imøtekomande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
  • Pasientorientert med respekt for den einskilde pasient
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men og vere ein god teamarbeidar/teamleiar for m.a. kunne ta leiing og jobbe effektivt i akuttmedisinske situasjonar
  • Like å tidvis ha det hektisk og jobbe med høg aktivitet
  • Pliktoppfyllande
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

    Personlege eigenskapar vektleggast

Språk

  • Norsk
  • Engelsk

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Triveleg arbeidsmiljø med høve til å påverke eigen arbeidsplass
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid 
  • Kompetanseutvikling i form av fagstige


Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Hilde Rotihaug, Fung. områdeleiar ambulansetenesta, (+47) 415 30 511