vestlands fylkes kommune

Måløy tannklinikk søker tannpleier

Del dette INNLEGGET

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin
Share on pinterest
Share on print
Share on email

Vestland tannhelseteneste – Måløy tannklinikk, har ledig 100% stilling som tannpleiar frå 01.08.22. Måløy er ein kystby i Kinn kommune med rundt 3200 innbyggjarar. Frå hamna kan du ta deg ein tur rundt i gågata og ete god mat på ein av dei mange restaurantane. Du kan oppleve attraksjonar som Kannesteinen, Refviksanden, eller besøke ein av dei mange fyra rundt Vågsøy. Måløy er stoppestad for Hurtigruta, og det er gode turmogelegheiter i området.

Måløy tannklinikk er ein klinikk med 3 tannlegar, 2 tannpleiarar og 3 tannhelsesekretærar. Det er eit godt arbeidsmiljø, og gode mogelegheiter for fagleg utvikling.

Arbeidsoppgåver

Jobbe i førstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer.
Klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
Halde seg fagleg oppdatert og følgje gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste.
Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannpleiar og beherske norsk skriftleg og munnleg. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest før tilsetjing.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar.

Vi søkjer deg som:
Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus.
Arbeidar sjølvstendig og mestrar travle dagar.
Er positiv og serviceinnstilt.
Har gode kommunikasjonsevner.
Har gode samarbeidsevner.
Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling.
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken.
Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar.
Ynskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste.

Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

Løn etter tariff. Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.

Andre opplysningar

Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova §25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om det er oppmoda om ikkje å bli ført offentleg søkjarliste. Om det er bedt om unntak, vil søkjaren bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Elisabet Skrede, områdeleiar tannhelse, 57638010