Måløy U40
Eit sosialt nettverk for unge vaksne. Vi skapar møteplassar, aktivitetar og legg til rette for nettverksbygging!
Måløy U40 er eit sosialt nettverk for unge vaksne i Måløy-regionen. Vi ønskjer å skape ein møteplass der du kan bli kjent med andre, utvide nettverket ditt og delta på spennande arrangement gjennom året.
Uansett kva du jobbar med eller kor du jobbar – her er alle velkomne! Målet vårt er å gjere det enda kjekkare å bu og jobbe i Måløy gjennom sosiale og faglege møteplassar.
Har du spørsmål om Måløy U40? Ta gjerne kontakt med seline@maloyvekst.no!
