Pedagogisk leiar i Holvik barnehage

Søknadsfrist: 1. april


Holvik barnehage søkjer 1 pedagog i vikariat frå 01.08.2024.  Fleire stillingar kan bli ledige som vikariat.

Arbeidsoppgåver

Pedagogisk leiar har ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet i nært samarbeid med føresette og andre tilsette ved barnehagen.

Kvalifikasjonar

For stilling som pedagogisk leiar er det krav om utdanning som barnehagelærar eller anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning
med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

God IT-kunnskap og forståing.

Ved tilsetting må det leggast fram politiattest av ny dato.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein medarbeidar som:

* har solid kunnskap om barns utvikling og behov
* kan arbeide sjølvstendig og vere synleg i personalgruppa
* er oppteken av barns rett til medverknad og involvering
* bidreg positivt i ein levande og lærande organisasjon
* er inkluderande og bidreg til eit godt arbeidsmiljø/psykososialt miljø for både barn og vaksne
* har gode leiareigenskaper
* leiarerfaring vert vektlagt

Vi tilbyr

Tariffløn og god pensjonsordning i KLP.

Kinn kommune har kompetanselønssystem.

Kontaktinformasjon

Line Hodnefjell, Tenesteleiar Holvik Barnehage, +47 97765011