
«Alt er mogleg«. For Sverre Søraa er det ikkje berre ein klisjĂ©, men eit mantra han har levd etter heilt sidan han etablerte Coast Seafood.
I den nyaste episoden av Mandagsmøte er administrerande direktør i Coast Seafood gjest, og praten spenner vidt – frĂĄ internasjonale marknader og milliardeksport, til bustadtomter, barnehageplassar og koret han syng i.
Coast Seafood er i dag ein global aktør i øvste divisjon av norsk sjømatnæring, med kontor i mellom anna Boston, Italia og Thailand. Likevel ligg hovudkontoret i Måløy. Det er eit bevisst val.
– Vi er ingenting utan eit fungerande lokalsamfunn rundt oss. Skal Coast ha ei andre og tredje generasjon, må Måløy fungere, seier Søraa.
Han er kjend som ein «hands on»-leiar, og det er ikkje berre prat. Folk som går søndagstur i Måløy kan risikere å sjå konsernsjefen sjølv stå og spyle plassen på Måløy Seafood.
– Om ikkje leiaren tek i eit tak sjølv, kan ein heller ikkje forvente at andre gjer det, seier han.
Eit av dei store «aha»-augeblicka i episoden er når Søraa fortel at Coast er ein av berre to aktørar som handterer flyfrakt av sjømat frå Noreg, med tre terminalar på Gardermoen. Mykje av sjømaten som går ut i verda, har altså vore innom eit selskap med røter i Måløy.
Samtidig er han tydeleg på at utvikling krev meir enn næringsliv aleine. Han er oppteken av bustader, byutvikling og prosjekt som Nordfjordbadet, og meiner vi ofte stoppar oss sjølve.
– Veldig ofte er det begrensningane oppe i hovudet vårt som gjer at ting blir små. Vi evnar ikkje å tenke stort nok, seier han.
Mot slutten av episoden kjem han ogsĂĄ med ei klar oppmoding til unge som lurer pĂĄ om dei skal flytte heim igjen.
– Du må skape di eiga kvardag. Å sitte i sofaen, det fungerer ikkje, seier Søraa, før han legg til:
– Heiar vi på kvarandre og dreg i lag, då er alt mogleg.
🎧 Heile praten kan du høyre i Mandagsmøte.
PĂĄ grunn av tekniske utfordringar er denne episoden dessverre utan video.
