Om oss

Måløy Vekst jobbar for å gjere Måløy til ein endå betre stad å bu, jobbe og skape. Vi brenn for å bygge eit sterkt og levande lokalsamfunn, og er ein samlande kraft for næringsliv og offentlege aktørar. Gjennom små og store prosjekt, arrangement og samarbeid løftar vi fram det som skjer – og set i gang nye initiativ som skapar vekst og trivsel i regionen vår.

Tilsette

Frank Willy Djuvik

Dagleg leiar

Frank Willy Djuvik er dagleg leiar i Måløy Vekst, og har med seg ein solid bagasje frå både politikk, næringsliv og samfunnsutvikling. Han har tidlegare vore fylkespolitikar og har lang erfaring med å jobbe for vekst og gode vilkår for lokalsamfunn langs kysten. Frank Willy er oppteken av å få ting til å skje – gjerne gjennom samarbeid, nye idear og eit sterkt engasjement for regionen. Han kjenner både folket, utfordringane og moglegheitene i området

Seline Larsen

Kommunikasjonsrådgjevar

Seline er kommunikasjonsrådgjevar i Måløy Vekst og har ansvar for innhaldsproduksjon og formidling i våre digitale kanalar. Med utdanning innan TV-produksjon og erfaring frå journalistikken er ho ein historieforteljar med hjarte for lokalsamfunnet. Seline jobbar også med prosjekt innan rekruttering og bo-lyst, og har ansvar for fleire av Måløy Vekst sine arrangement.

Anne-Stine Meland

Rådgjevar

Anne-Stine er rådgjevar i Måløy Vekst og kompetansekoordinator i Studiesenter Kysten. Ho jobbar blant anna med å gjere høgare utdanning tilgjengeleg for dei som bur og jobbar i Måløy og ho legg til rette for kompetanseheving i næringslivet. Anne-Stine styrer også med studenthuben i Måløy, som ligg i vårt kontorlandskap. Ho har lang erfaring frå utdanningssektoren, gjennom både studier og undervisning.

Anette B. Jahre

Rådgjevar

Anette Botnmark Jahre er rådgjevar i Måløy Vekst, samt produkt- og utviklingsansvarleg i Måløy Adventure. Ho er opprinneleg frå Tønsberg, men har jobba i Måløy Vekst sidan starten av 2021. Ho har et sterkt samfunnsengasjement, er utadvendt og målbevisst, og bygger lett nye relasjoner. Anette har en mastergrad i folkehelsevitenskap og har tidligere jobbet som folkehelsekoordinator.

Natalia Krezelok

Rådgjevar

Natalia er rådgjevar i Måløy Vekst og har også rolle som økonomiansvarleg i Måløy Adventure. Ho bidreg også inn i Måløy Vekst innan økonomi og administrasjon, i tillegg til hennar sterke kompetanse innan system. Natalia er opptatt av å utvikle reiselivet i regionen og styrke samarbeidet mellom ulike aktørar. Ho er også oppteken av reduksjon av selskapa sine miljøavtrykk, og sørgjer for berekraftige praksisar.

Siri Godtlibsen

Rådgjevar

Siri er prosjektleiar i Måløy Adventure og rådgjevar i Måløy Vekst. Ho jobbar med å utvikle eit berekraftig reiseliv og å styrke Måløy som reisemål gjennom samarbeid, lokal verdiskaping og gode opplevingar. Siri har ein mastergrad innan berekraftig reiselivsutvikling og brenn for å finne løysingar som tek vare på både naturen, lokalsamfunnet og næringslivet. Etter å ha flytta til Måløy har ho fått eit sterkt engasjement for regionen og moglegheitene som finst her.

Styret

Birger Silden

Styreleiar

Birger er styremedlem i Måløy Vekst og representerer Ulvesund Elektro. Med sin solide bakgrunn innan elektrofaget og forståing for lokale behov, bidreg han til styret med verdifull innsikt og perspektiv frå bransjen.

Roger Rimstad

Styremedlem

Roger er styremedlem i Måløy Vekst og avdelingsleiar ved Sølvberg Bygg. Han har lang erfaring innan byggebransjen, spesielt innan sal og oppføring av bustader og hytter gjennom Blink Hus, samt eigedomsutvikling. Roger sitt fokus på kvalitet og utvikling gjer han til ein verdifull ressurs i styret.

Emilie Silden

Styremedlem

Kristine er styremedlem i Måløy Vekst og representerer Ervik Group.

Anne Grethe Strand

Styremedlem

Anne Grethe er styremedlem i Måløy Vekst og representerer Kinn kommune.

André Høydal

Styremedlem

Andre er styremedlem i Måløy Vekst og representerar Babord Group.