🎙️Anders tek over roret i hjørnesteinsbedrifta Sætren

Anders Sætren (25) har teke over som dagleg leiar i Sætren AS – ei hjørnesteinsbedrift i Måløy med over hundre års historie og rundt 40 tilsette. Med fersk energi og solid fagbakgrunn vil han bygge vidare på det tradisjonelle – og samstundes løfte satsinga på automasjon og prosjektstyring.

– Eg er ydmyk og veldig motivert. Dette er ikkje eit «one-man show» – vi har dyktige folk på alle nivå, og eg har blitt tatt godt imot frå dag éin, fortel Anders i podkasten Mandagsmøte.

Bak seg har han fagbrev, bachelor i byggingeniørfag med prosjektleiing og vidare studiar i industriell økonomi – i tillegg til fleire år med praktisk prosjektarbeid, anbod og teikning.

– Det å lære teori den eine veka og bruke det i praksis den neste har vore gull verdt.

Sætren har dei siste åra styrkt kompetansen særleg innan automasjon – ei utvikling Anders vil forsterke.

– Bygg er blitt langt meir tekniske. Det opnar for at aktørar som oss kan ta større ansvar i prosjektstyring og overordna koordinering, seier han, og peikar på at bedrifta òg deltek i utviklingsprosjekt gjennom Innovasjon Norge.

Mottakinga lokalt har vore varm – både internt og i næringslivet.

– I Måløy er det låg terskel for samarbeid. Ein ringer kvarandre og finn løysingar. Den kulturen gjer det enklare å satse – også på unge leiarar.

Sjå fleire episoder av podkasten Mandagsmøte