For Amund Gotteberg ved Glassmagasinet i Måløy har cruiseturismen blitt ein stadig viktigare del av verksemda. Butikken, som neste år feirar 90 år, har dei siste åra merka kor mykje turistane betyr for omsetninga i sentrum.
– Mange trur at cruiseturistane ikkje brukar pengar, men det stemmer ikkje. Vi ser at dei handlar både suvenirar og vanlege varer – alt frå troll og nissar til kjøkkenutstyr og gåveartiklar, fortel Gotteberg i podkasten Mandagsmøte.
Han meiner turistsesongen har blitt heilt avgjerande for mange lokale butikkar.
– Endra handlevanar og netthandel gjer at sommarmånadene betyr meir enn før. Dei ekstra kundane frå cruiseskipa gir oss pusterom og nye moglegheiter.
Med oppgraderinga av Gate 1 godt i gang og fleire cruiseanløp venta neste år, ser han lyst på framtida.
– Vi har hatt eit godt år og trur neste sesong blir endå betre. Det skjer mykje positivt i sentrum no – og eg er optimist, seier Gotteberg.
