Kva har Måløy til felles med Hamar, Helsinki og São Paulo? Kanskje meir enn du trur.
I denne episoden av Mandagsmøte får vi besøk av Martin Hagen – samfunnsøkonom, byutviklar og måløypatriot. Han har jobba med alt frå sirkulærøkonomi i Norden til sentrumsutvikling i Brasil – men engasjerer seg minst like mykje i det som skjer heime på kysten.
Vi snakkar om kampanjen Oppsida, kommunesamanslåing, gatekunst, Nordfjordbadet og ein ganske spesiell type sjølvtillit:
«Måløy er både verdas navle og verdas utkant.»
Lytt til ein engasjert, klok og passe freidig prat om alt som formar eit samfunn – og kvifor det faktisk betyr noko.