🎣 Full sal, sterke stemmer og framtidstru på kysten

Fiskeri- og havbrukskonferansen 2025 samla næringa til ein dag med fag, folk og framtid i fokus!

Parken kulturhus på Raudeberg var full då Måløy Vekst tysdag 28. oktober inviterte til årets Fiskeri- og havbrukskonferanse. Over 130 deltakarar frå heile kysten møttest til ein dag med engasjerte innlegg, gode samtalar og eit program som spegla alt frå geopolitikk til raudåte og framtidas havbruksteknologi.

Få tilgang til presentasjonar frå konferansen HER.
FÃ¥ tilgang til bilder fra konferansen HER.

– «Dette har vore ein kjempeflott dag – spennande, engasjerande og inspirerande,» sa dagleg leiar i MÃ¥løy Vekst, Frank Willy Djuvik, dÃ¥ han runda av konferansen.

– «Det har vore nettverksbygging i kvar pause, faglege diskusjonar i kvar krok og ei ekte vilje til samarbeid for framtida.«

Engasjement frå scena – og frå salen

Gjennom dagen fekk publikum møte eit breitt spekter av stemmer frå heile havnæringa, frå fiskarar og havbrukarar til rådgivarar, forskarar, politikarar og studentar.

Fylkesordførar Jon Askeland opna dagen og fekk salen til å lytte med både alvor og optimisme då han minna om at havet er eit felles ansvar. Konferansier Beate Grønnevik leia programmet med stø hand og smittande humør, og sørgde for at både gjester og talarar haldt både tid og energi.

Dei faglege bolkane viste at det ikkje manglar pÃ¥ idear, utfordringar eller løysingar. Men det som kanskje gjorde sterkast inntrykk pÃ¥ mange, var møtet mellom generasjonar – frÃ¥ næringsleiarar med tiÃ¥r bak seg i bransjen, til studentar frÃ¥ Fagskulen Vestland og elevar frÃ¥ MÃ¥løy vidaregÃ¥ande skule som delte sine eigne refleksjonar frÃ¥ scena.

– «Det er de som skal ta over stafettpinnen. Gi dei sommarjobb, gi dei læreplass, fÃ¥ dei inn i næringa,» oppmoda Askeland frÃ¥ talarstolen – og fekk applaus frÃ¥ salen.

Samarbeid på tvers

Fiskeri- og havbrukskonferansen er eit samarbeid mellom Måløy Vekst, Vestland fylkeskommune og ei rekkje lokale aktørar og sponsorar.

– «Det er ein konferanse som berre er mogleg Ã¥ arrangere fordi sÃ¥ mange trekk i same retning.» sa Djuvik, og retta ei særleg takk til Sparebanken Sogn og Fjordane, Norfjord Havn, Ervik Seafood, Selstad og BÃ¥tbygg for bidrag bÃ¥de fagleg og økonomisk.

Arrangementet vart òg ein møteplass for dei som ikkje står på scena. Mellom foredraga og kaffikoppane vart det knytt nye kontaktar, delt erfaringar og diskutert idear for vidare samarbeid.

– «Det er nettverksbygginga som gjer ein slik dag verdifull. NÃ¥r folk møtast ansikt til ansikt, skjer det noko. Det er slik prosjekta startar.» sa Djuvik.

Fulltreff på både fag og flyt

Alt gjekk pÃ¥ tid – noko Djuvik ikkje kunne la vere Ã¥ nemne med eit smil dÃ¥ han takka konferansier Beate Grønnevik for Ã¥ ha «loset oss trygt gjennom eit verdsmeisterskap i tidsstyring».
Publikum kunne ogsÃ¥ glede seg over god mat frÃ¥ Havfruen og – ifølgje arrangøren – heile 90 liter kaffi servert i løpet av dagen.

Etter ein lang konferansedag venta middag og sosialt samvær i Måløy sentrum, der samtalane heldt fram og nye samarbeid vart diskutert over bordet.

– «Dette er noko av det kjekkaste vi gjer i løpet av Ã¥ret. Det er noko med Ã¥ samle heile kysten, dele kunnskap, og kjenne at vi dreg i same retning. DÃ¥ er det lett Ã¥ ha tru pÃ¥ framtida.» avslutta Djuvik.

Les om innlegga på konferansen👇

Jon Askeland, Vestland fylkeskommune

Askeland opna konferansen med å peike på at havet må forståast som eit økosystem, ikkje berre som ei samling næringar. Han løfta fram behovet for å sjå fiskeri, havbruk, utdanning og forsvar som delar av eit samanhengande system som gir arbeidsplassar og kompetanse.

Han fortalde om forsvaret sin auka aktivitet i sjøområda og korleis dette òg krev fleire sjøfolk, både i militær og sivil sektor. Samstundes utfordra han både skular og næringsliv til å skape fleire læreplassar og utdanningsløp innan maritime fag.

Askeland delte ogsÃ¥ erfaringar frÃ¥ ein internasjonal konferanse i Seattle og peika pÃ¥ at Noreg mÃ¥ lære av andre land – men ogsÃ¥ hente inspirasjon heim igjen. Han avslutta med Ã¥ oppmode til samarbeid mellom politikk, næring og utdanning: «Vi konkurrerer der vi mÃ¥, og samarbeider der vi skal.»

Bengt Solheim-Olsen, ordførar i Kinn

Solheim-Olsen snakka om kystkommunane si rolle i å legge til rette for vekst og utvikling. Han peika på at kommunen er ein nøkkel i arbeidet med arealplanlegging og tilgang til næringsareal, men òg i rekrutteringa av arbeidskraft.

Han løfta fram korleis dialog og lokalt samarbeid kan bidra til løysingar der fiskeri, havbruk og miljøinteresser møtast. Kystkommunane, sa han, er avgjerande for å sikre at verdiane frå havet også kjem lokalsamfunna til gode.

Krister Hoaas, Sjømat Norge – «Sameksistens i praksis»

Hoaas sette fokus på korleis berekraft og sameksistens ikkje berre er slagord, men eit konkret arbeid som skjer kvar dag langs kysten. Han viste til samarbeid mellom fiskeri og havbruk, og korleis næringa sjølv tek initiativ for å redusere konfliktar og miljøavtrykk.

Han peika på at både teknologiske løysingar, god kommunikasjon og tillit mellom aktørar er nødvendig for at ulike interesser skal kunne eksistere side om side. Hoaas meinte at ein open og kunnskapsbasert debatt er avgjerande for å styrke legitimiteten til næringa framover.

Stian Hjelle, SjømatrÃ¥det / Ervik Seafood – «Kvitfisknæringa i endring – frÃ¥ tradisjon til transformasjon»

Hjelle tok publikum med på ei reise frå tradisjonell kystfiske til ein moderne, globalisert marknad. Han fortalde korleis kvitfisknæringa har gått frå små lokale aktørar til store, automatiserte og marknadsorienterte system.

Han viste korleis Sjømatrådet jobbar for å posisjonere norsk kvitfisk internasjonalt, og korleis strategiane har endra seg frå reine B2C-kampanjar mot forbrukarar til meir B2B-retta arbeid mot grossistar og detaljhandel.

Hjelle understreka at nøkkelen til verdiskaping ligg i kvalitet, merkevarebygging og samarbeid gjennom heile verdikjeda – frå fiskar til butikkhylle.

Erik Holvik, SjømatrÃ¥det / Grieg Seafood – «Laksemarknaden framover»

Holvik analyserte utviklinga i laksemarknaden, der produksjonen flatar ut medan etterspørselen aukar. Han peika på at verdiskapinga i framtida kjem frå kvalitet og historie – ikkje berre volum.

Med døme frå Kina og USA viste han korleis forbrukarane blir meir bevisste på klima, helse og opphav. Samstundes er marknaden påverka av geopolitikk, handelshindringar og valutakurser.

Holvik framheva kor viktig det er å bygge merkevaren Seafood from Norway som eit globalt kvalitetsstempel og å halde på omdømmet gjennom ansvarleg drift og openheit.

Arne Sæterbakken, SpareBank 1 – «Global uro og usikkerhet – kva betyr det for oss i Noreg?»

Sæterbakken tok opp korleis internasjonal uro, renteendringar og politiske konfliktar påverkar norsk økonomi og kystnæringane. Han forklarte korleis små endringar i verdsøkonomien raskt kan slå ut i valutakurser, eksportinntekter og investeringslyst.

Han minna om at norsk sjømatnæring har vist styrke i urolige tider, men at ein må vere budd på store svingingar. Med humor og realisme oppmoda han bedriftene til å halde fokus på solid drift, og å tenke langsiktig sjølv når marknaden rører på seg.

Mons Alfred Paulsen, Thommessen – «Havbruk pÃ¥ Vestlandet – pÃ¥ rett vei eller rett vest?»

Paulsen gav eit sterkt innlegg om situasjonen for havbruket på Vestlandet. Han kritiserte dagens trafikklyssystem, som har ført til produksjonsnedtrekk og store økonomiske tap i fleire område.

Han argumenterte for at systemet må byggje på betre kunnskapsgrunnlag og større føreseielegheit. Samstundes minna han om at næringa har biologiske utfordringar, men at løysinga ikkje kan vere nedbygging utan heilskapleg vurdering.

Paulsen avslutta med å oppmode næringa til å stå samla og presse fram ei politisk løysing som gjev vekstvilkår for Vestlandet – ikkje berre for nord.

Linn Theres Nekkøy, Aksello – Avsluttande kommentar

Nekkøy summerte første del med eit engasjert innlegg om kor viktig omdøme, tillit og ansvar er for framtida til sjømatnæringa. Ho viste til at norsk sjømat står sterkt internasjonalt, men at tilliten frå forbrukarane ikkje må takast for gitt.

Ho peika på at dialog, innovasjon og samarbeid mellom næring, politikk og samfunn er heilt nødvendig for å halde posisjonen som verdas leiande sjømatnasjon. «Tillit er vårt viktigaste konkurransefortrinn,» sa ho – og fekk stor applaus.

Olav Fjeld Kraugerud, Bellona – «BlÃ¥ biomasse – markedsmuligheter og barrierer for bruk av skjell og tare»

Kraugerud tok salen med inn i den blå bioøkonomien og viste korleis makroalgar, skjell og nye marine organismar kan bli ein nøkkel i overgangen til eit meir berekraftig matsystem. Han peika på at artar som tare og blåskjell ikkje berre kan erstatte importerte råstoff, men også bidra positivt til klima og økosystem.

Han fortalde korleis Bellona jobbar med å utvikle rammeverk og marknader for makroalgar og andre lågtråfiske artar, og korleis barrierane ofte ligg meir i logistikk og teknologi enn i biologien sjølv. – «Vi har råvarane og kunnskapen, men vi manglar verdikjeda som gjer det lønnsamt,» sa han. Kraugerud viste til at norske aktørar alt har starta pilotproduksjon av både tare og tunikatar, og meinte at utviklinga kan skape ein heilt ny industri for kysten dersom politikken, kapitalen og kunnskapen møtest.

Jan Henrik Sandberg, Fiskarlaget – «LÃ¥gtrofiske ressursar og fiskeripolitikk»

Sandberg tok for seg korleis dei lÃ¥gtrÃ¥fiske ressursane – som raudÃ¥te, tare og skjell – krev ny type forvalting og politisk forstÃ¥ing. Han minna om at desse artane har eit enormt potensial, men òg spelar ei sentral rolle i økosystemet, noko som gjer berekraft avgjerande.

Han peika på at det må byggjast ein ny politikk for lågtrofiske artar, med forsking, teknologi og marknad hand i hand.

– «Vi kan ikkje forvalte raudÃ¥te og tare som om det var torsk,» sa han, og understreka at kunnskap mÃ¥ kome før kommersialisering. Sandberg løfta òg fram behovet for betre samordning mellom næringar: havvind, marin vern og fiskeri.

Han avslutta med eit realistisk, men optimistisk blikk:
– «Dette er ikkje gull i dag, men det kan bli ei av dei viktigaste næringane vÃ¥re om fÃ¥ Ã¥r – dersom vi gjer det rett.«

Stein Ove Østvik, Nordnesgruppen – «RaudÃ¥te som framtidsnæring»

Østvik fortalde om Nordnesgruppen sitt banebrytande arbeid med fangst og prosessering av raudÃ¥te – ein ressurs med enorm biomasse, men liten kommersiell utnytting. Han forklarte korleis teknologien for Ã¥ fange raudÃ¥te mÃ¥ vere ekstremt presis, og korleis dei samarbeider med Selstad i MÃ¥løy for Ã¥ utvikle spesialtrÃ¥larar og prosesseringsteknologi.

RaudÃ¥ta, som finst i millionar av tonn i norske havomrÃ¥de, kan nyttast til alt frÃ¥ fiskefôr til kosttilskot, men krev innovasjon for Ã¥ verte lønsam. – «Det handlar ikkje berre om Ã¥ fange, men om Ã¥ forstÃ¥ biologien, produksjonslogistikken og marknaden,» sa Østvik.

Han viste òg korleis dei testar ulike sensorar, dronar og akustiske metodar for å lokalisere førekomstar og sikre selektiv fangst. Bodskapen hans var klar: Med rett teknologi og rammevilkår kan raudåte bli eit nytt industrieventyr for Vestlandet.

Trygve Hallberg, Selstad – «Djupdrift»

Hallberg presenterte Selstad sitt arbeid med såkalla djupt drift-teknologi, som gjer det mogleg å produsere laks under lusebeltet. Han forklarte korleis anlegga blir senka ned på større djup for å skjerme fisken frå lakslaus og bølgjepåkjenning, og korleis dette krev nye løysingar for foring, overvaking og tryggleik.

– «Dette er ikkje eit framtidsprosjekt – det skjer no,» sa Hallberg. Han peika pÃ¥ korleis teknologien gjev betre fiskehelse, stabilare produksjon og meir effektiv drift, samstundes som eksisterande utstyr kan vidarebrukast.

Han understreka at ny teknologi berre fungerer dersom næringa tør å teste, feile og dele erfaringar.

– «Det er alltid litt skummelt å vere først, men endå skumlare å bli ståande igjen,» avslutta han.

Oda Kristin Igland, Havland – «Innovasjon og framtidas havbruksløysingar»

Igland fortalde historia om Havland, som gjennom 25 år har utvikla eigen torskeproduksjon frå stamfisk til ferdig produkt. Ho viste korleis selskapet har kombinert biologi og teknologi for å skape ei verdikjede som tek i bruk heile torsken, frå egg til reststoff.

– «Vi har redusert generasjonstida frå fire år til to, og no har vi fisk på over seks kilo etter to år,» sa ho stolt.

Ho løfta fram innovasjonskulturen som avgjerande suksessfaktor: alle i organisasjonen, frå eigarar til operatørar – blir oppmoda til å teste og forbetre.

Havland si målsetjing er å bygge ein ny industri på landbasert torsk, med 40-50 000 tonn slakta fisk i året.

– «Vi treng ikkje vere størst, men vi skal vere best på å forstå torsken, teknologien og samanhengen mellom dei,» sa Igland.

Janicke Eckhoff, Marine Stewardship Council / YoungFish – «Levende hav for framtidige generasjonar»

Eckhoff kombinerte to perspektiv: det personlege engasjementet for rekruttering gjennom YoungFish, og det faglege arbeidet med berekraft gjennom Marine Stewardship Council (MSC).

Ho fortalte korleis YoungFish har blitt eit nasjonalt nettverk for unge i sjømatnæringa, med over 3500 medlemmar og lokale «hubbar» langs heile kysten.

– «Det handlar om Ã¥ skape fellesskap og framtidstru – Ã¥ vise at dette er ei næring det gÃ¥r an Ã¥ bygge karriere i,» sa ho.

Som representant for MSC forklarte ho korleis sertifisering og forbrukarmakt påverkar verdskjeda frå fiskefartøy til butikk.

– «Tillit og transparens er valutaen i moderne sjømatnæring. Det er slik vi held havet levande og marknaden open,» sa Eckhoff.

MÃ¥løy vidaregÃ¥ande skule og Fagskulen Vestland – «Unge stemmer»

Mot slutten av programmet fekk dei unge sleppe til. Elevar frå Måløy vidaregåande og studentar frå Fagskulen Vestland fortalde kvifor dei har valt maritime utdanningar, og kva dei ser for seg av moglegheiter framover.

– «Det er vår generasjon som skal ta over,» sa ein av elevane. – «Vi vil bidra, lære – og halde kysten levande.»

Studentane løfta fram fagmiljøet i Måløy som eit stort pluss: tett oppfølging, god praksisnær undervisning og eit sterkt rykte i næringa. Innslaget fekk varm applaus frå salen og fleire av foredraga peikte på akkurat det same: at framtida for havnæringane ligg i rekruttering, kunnskap og samspel.

Jon Askeland – Avslutning

Fylkesordførar Askeland fekk siste ordet pÃ¥ scena, og brukte det til Ã¥ knyte saman trÃ¥dane frÃ¥ dagen. Han berømma breidda i programmet og peika pÃ¥ korleis alt heng saman – frÃ¥ globale marknader til lokal rekruttering.

– «Vi stÃ¥r sterkare enn nokon gong nÃ¥r vi samarbeider. Vestlandet er ikkje pÃ¥ veg rett vest – vi er pÃ¥ rett veg, men berre om vi svømmer i lag,» sa han til latter og applaus.