Seline og Frank Willy er tilbake i studio – denne gongen utan gjestar – for å oppsummere sommaren i Måløy og sjå fram mot ein travel haust for Måløy Vekst.
Etter ein sommar fylt med arrangement, aktivitetar og mange besøkande til Måløy, tek Seline og Frank Willy i Måløy Vekst ein pust i bakken for å prate om alt som har skjedd. I denne episoden av Mandagsmøte deler dei høgdepunkt frå sommaren, inkludert opplevingar med turistbussar som har frakta gjester til lokale attraksjonar og perler i regionen.
Men kvardagen står ikkje stille – no ventar ein haust full av aktivitet for Måløy Vekst. Seline og Frank Willy gir eit innblikk i spennande arrangement, prosjekt og satsingar som kjem til å prege byen utover hausten.
🎧 Høyr episoden her: