12 ungdommar skal ha sommarjobb som fiskarar

Måløy Vekst har bistått Kinn kommune i å etablere eit kommunalt ungdomsfiskeprosjekt for sommaren 2024. Målet er at ungdom skal kome seg på sjøen og få prøve seg som fiskarar. Dei som får tilbod om plass får rettleiing for å ordne det som trengs for å delta. Mellom anna får ein opplæring i korleis ein brukar app for å melde inn fangst på rett måte. Det er totalt 12 ungdom som vil få tilbod etter at dei har vore gjennom ein søknadsprosess.

Ungdomane har eiga kvote, og løna er det dei får betalt for fangsten dei leverer. Løna vil variere frå dag til dag, og mellom båtane. Slik er det for ein ekte fiskar også. Ungdomane får sikkerheitsopplæring, informasjon og opplæring om råstoff og kvalitet, og innsyn i fleire andre område som gjeld fiskerinæringa si verdikjede. Det blir arrangert ein sikkerheitsdag i regi av Sikkerheitssenteret i Måløy. Vest-Norgesfiskesals lag og Opplæringskontoret for fiskeri og havbruk.

Fisket vil gå føre seg i vekene 26 og 27 i Måløy, og veke 27 og 28 i Florø. Fartøya som blir brukt er Lillian i Måløy og Sending i Florø.

Utstyr

Deltakarane må stille med støvlar og matpakke/drikke. Innertøy etter veret. Regntøy og hanskar får ein utlevert.
Båten vil gå ut på fiske på morgonen, og kome inn att på ettermiddag/kveld. Deler av sommarjobben består i å vedlikehalde, reparere eller eigne fiskereiskapen.

Skipper er sjef

Skipperen er sjefen om bord, og vil rettleie både når de skal fiske, og når de skal ta vare på og levere fangsten. Lytt til mannskapet sine erfaringar, og hugs alltid å ha fokus på sikkerheit om bord.

Samarbeidspartnarar og sponsorar: