8 av 10 lokale næringsaktørar ventar vekst som følge av Stad skipstunnel

Det kjem fram i sluttrapporten til styringsgruppa for forprosjektet «Ringverknader knytt til Stad skipstunnel». Forprosjektet har sett på kva verdiskaping næringslivet mellom Ålesund og Florø vil få ved realisering av Stad skipstunnel.

8 av 10 selskap og næringsdrivande svarar at dei forventar at næringslivet får ein real oppsving når Stad skipstunnel kjem på plass. 

Meir attraktivt å drive næring og å investere

Dei ventar auka omsetning, fleire arbeidsplassar, auka innovasjon, høgare eksport og meir samarbeid langs kysten. Dette seier blant anna globale maritime og marine næringar med lokalt eigarskap mellom Ålesund og Florø, som i 2022 omsette for over 85 mrd. kr.

Skipstunnelen blir ein heilårsopen motorveg mellom hamnene på Vestlandet, og ut til dei europeiske marknadane. Sjøvegen er open når landevegen er stengt av flaum, ras og ekstremvêr som følgje av klimaendringar. Næringsaktørane som er intervjua i forbindelse med forprosjektet er samde om at skipstunnelen vil styrke næringsattraktiviteten og investeringsviljen i regionen.

Knyt saman regionen

Hurtigbåtsamband mellom Ålesund og Bergen vil bøte på utfordringane med smale og dårlege vegar og mangelfullt fly- og busstilbod. Det vi også opne for at området mellom Florø og Ålesund blir ein bu- og arbeidsregion, som gjer det meir attraktivt å drive næring på kysten og lettare å rekruttere nøkkelpersonell og kompetanse til næringslivet. Kompetansen og ressursane til dei marine og maritime næringane er Norges fremste konkurransefortrinn og bidreg med store eksportverdiar. 

Stad skipstunnel er avgjerande for næringa, kysten og dermed for Noreg.

Sjå heile rapporten her: