Lærlingplass blei til fast jobb for Sindre (23): – Etter mi meining skal ein leite lenge etter ein finare plass å busette seg på

SINDRE REFVIK – UNU AS

Sindre Refvik (23) har vekse opp på eit lite småbruk i idylliske Refvik. Hans interesse for byggfaget kom då han var liten, og han bestemte seg tidleg for å følge i faren sine fotspor. Når han no til våren er ferdig med utdannings si, står fast jobb som prosjektleiar i UNU AS klar for han.

– Mi interesse for byggfaget kom ganske tidleg då eg gjekk tett i min far sine fotspor. Eg bestemte meg fort for at eg skulle gjere som far og hans far, å ta fagprøve som tømrar. Dermed vart eg tredje generasjon på min far si side av slekta med fagbrev. Særdeles kjekt å ha alle fagbreva på veggen i stua!

«Eg bestemte meg ganske tidleg for at eg skulle gjer som far og hans far, å ta fagbrev som tømrer»

Planen for utdanninga fekk Sindre på ungdomskulen, då vart han råda til å ta fagbrev før han gjekk vidare på høgskulen for å bli ingeniør. Han begynte derfor på byggfag ved Måløy vidaregåande skule og blei etter kvart utplassert hos UNU AS.

– Eg hadde to kjekke og lærerike år på byggfag før eg begynte som lærling hos UNU i 2016. I 2017 var eg så heldig at eg vann årets lærling, ei kåring i regi av EBA Vestenfjelske.

«I 2017 var eg så heldig at eg vann årets lærling, ei kåring i regi av EBA Vestenfjelske»

Deretter gjekk det slag i slag. 22. juni 2018 tok Sindre fagbrev og 24. juni satt han på skulebenken i Førde for å ta forkurs i mattematikk. No går Sindre siste semester på Høgskulen på Vestlandet (HVL) før han begynner som prosjektleiar for UNU. Siste semester betyr bacheloroppgåve, kor han jobbar med Jørgen Rognes i samarbeid med UNU AS for å lage nye styringsprosedyrar for firmaet.

– Eg har vakse opp med å kunne sjå sola gå i havet frå soverommet, og etter mi meining skal ein leite lenge etter ein finare plass å busette seg på. Når eg då var så heldig å få prosjektleiarstilling hos UNU, var det ikkje vanskeleg å ta valet om å flytte heim.

UNU AS er ein ingeniør- og entreprenørforretning med 35 årsverk. UNU utfører alt innan bygg og anleggsarbeid, også totalentrepriser – frå teikning til nøkkelen i døra. Dei har eit nært samarbeid med Måløy vidaregåande skule kor elevane har teoretisk utdanning ved skulen og praksis hos dei. Firmaet er medlem av opplæringskontoret for byggfag i Sogn og fjordane, kor dei og var ein av initiativtakarane til oppstart.

Dagleg leiar i UNU AS, Kent Rune Bugjerde, fortel at både UNU og dei andre bygg- og anleggsverksemdene er heilt avhengig av rekrutteringa dei får gjennom å ta inn lærlingar.

– Vi har ein heilt bevisst rekrutteringsstrategi der vi både tek inn elevar frå Måløy vgs på praksis, samstundes som vi har inne 2-4 lærlingar til ein kvar tid. Framover vil vi nok og auke talet på lærlingar i bedrifta, seier han.

Bugjerde rosar samarbeidet dei har med Måløy vidaregåande skule, og seier at dette er heilt avgjerande for rekrutteringa til faget og dei lokale bedriftene.

– Linja er ekstremt viktig, og vi har god kontakt med skulen for å både bidra med vår kunnskap i undervisninga, men og ved å rekruttere elevar, tilby lærlingplassar, og seinare tilsette fagarbeidarane. Å ha eit fagbrev i botn er svært viktig for å få jobb hos oss. Fagbrevet gjer eit godt grunnlag for vidare utdanning enten på teknisk fagskule eller påbygg og høgskule, men for oss er det viktig at våre tilsette har den praktiske tilnærminga til faget dei får gjennom fagutdanninga, og ikkje berre den teoretiske, fortel Bugjerde.

– I åra framover vil vi ha behov for mange fleire fagarbeidarar innan bygg- og anlegg, og både vi og andre lokale selskap vil stå klar med både lærlingplassar og fast jobb når ein er ferdig utdanna. Vi håper mange fleire vil gjere som Sindre, avsluttar Bugjerde.