Bli med i Måløy Vekst
– saman utviklar vi regionen vår
Vil du vere med og skape vekst, trivsel og nye moglegheiter i Måløy og omegn? Som medlem eller aksjonær i Måløy Vekst blir du ein del av eit aktivt fellesskap som jobbar for å styrke næringslivet og lokalsamfunnet.

Vi tilbyr:
- Nettverksbygging og møteplassar for næringslivet
- Profilering og synleggjering av verksemda di
- Bidrag til prosjekt og utviklingsarbeid i regionen
- Råd og støtte innan rekruttering, kommunikasjon og marknadsføring
- Påverknad og innsikt i strategisk arbeid retta mot framtidas Måløy
Uansett om du driv ei bedrift, representerer ein organisasjon eller berre vil vere med og løfte lokalsamfunnet – vi har plass til deg.
Vil du bli med?
Ta kontakt med oss, så finn vi ei løysing som passar for deg eller di verksemd.