Vil du leie eit av dei viktigaste tenesteområda i Kinn kommune og forme framtidas helse- og velferdstenester?

Detaljer

Arbeidsgjevar:
Kinn kommune
Stillingstittel:
Kommunalsjef helse og velferd
Søknadsfrist:
17. august

Kommunalsjef helse og velferd

Kinn kommune er ein stor og mangfaldig kystkommune med om lag 17 400 innbyggarar og over 1600 tilsette. Vi har eit breitt og samansett tenestetilbod innan helse og velferd – frå institusjon og heimebasert omsorg til miljøteneste, rus- og psykisk helsearbeid og NAV. Vi står i viktige utviklingsprosessar og søkjer ein kommunalsjef med strategisk blikk, gjennomføringsevne og god evne til samhandling.

Som kommunalsjef for helse og velferd får du det overordna ansvaret for fag, økonomi og personal i eit samfunnskritisk område. Du blir leiar for 16 dedikerte tenesteleiarar og ein rådgjevar/nestleiar, og vil ha ei sentral rolle i å vidareutvikle tenestene våre. Du har ansvar for å sikre at tenestene held høg kvalitet i tråd med måla Kinn kommune har sett – til beste for innbyggjarane i heile kommunen.

Stillinga inneber tett samarbeid med politisk nivå, dei andre kommunalsjefane og kommunedirektøren, og du vil vere ein aktiv del av kommunedirektøren si leiargruppe. Som del av toppleiinga inngår du i eit leiarfellesskap saman med tre andre kommunalsjefar og fem stabsleiarar. Stillinga krev evne til å sjå heilskap og bidra til samhandling på tvers av organisasjonen.

Du må rekne med reiseverksemd og å vere regelmessig til stades i heile kommunen sitt geografiske område. Det er ynskjeleg med snarleg tiltreding.