Måløy Vekst har tilsett Anne-Stine Meland i stillinga som fasilitator for kompetanseutvikling. Dette er ei nyoppretta stilling i forbindelse med prosjektet «Studiesenter Kysten». Anne-Stine er 44 år, kjem frå Måløy, og tek med seg mykje erfaring frå skuleverket inn i den nye stillinga.
Måløy Vekst jobbar for langsiktig samfunns- og næringsutvikling saman med kommunen og lokalt næringsliv. Selskapet har som formål å fremje vekst i næringslivet og å skape bulyst i kommunen. Samarbeidsprosjektet Studiesenter Kysten har gitt Måløy Vekst moglegheit til å tilsette ein person i eiga stilling med formål om å utvikle og koordinere desentraliserte utdanningsmoglegheiter nettopp i Måløy.
Studiesenter Kysten er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane Kinn, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Solund og Høyanger. Hovudformålet til studiesenteret er å initiere, koordinere og administrere utdanningar og kompetanseaktivitetar for kommunane som har redusert tilgang til utdanning. Arbeidslivet skal få tilgang til relevant kompetanse som fremmer deira produksjon.
Studiesenter Kysten vil ha fysiske læringsfasilitetar i kvar kommune. I Kinn kommune blir det læringsfasilitetar både i Måløy og Florø. Desse læringsarenaene kallar vi utdanningshubar. Studiesenter Kysten vil tilsette fem fasilitatorar som skal fasilitere kompetanse og koordinere kompetanseaktivitetar.
«Gjennom Studiesenter Kysten kan alle i Måløy ta høgare utdanning utan å måtte flytte frå Måløy. Utdanningane kan gjennomførast ved å kombinere arbeid og utdanning», seier prosjektleiar for Studiesenter Kysten, Reidar Grønli.
Anne-Stine har lenge jobba som lærar i Måløy og vil ta med seg mykje relevant erfaring inn i den nye jobben. Ho har også ein mastergrad frå NTNU i tverrfaglege kulturstudier kor kunnskap, teknologi og samfunn stod i fokus. Meland har elles erfaring frå både omsorgsyrke og serviceyrke, og er godt vand med å jobbe med menneske.
Anne Stine trer inn i den nye stillinga i starten av september. Ho vil ha ansvar for å initiere, koordinere og administrere ordinære og fleksible utdanningar, arbeide med kompetanseaktivitetar, utplassere studentar i arbeidslivet, skape studentmiljø og ha kontakt med lokalt arbeidsliv.
Dagleg leiar i Måløy Vekst ser fram til å få ein ny kollega i Måløy Vekst:
«Anne-Stine har dei rette personlege eigenskapane som vi har lett etter når vi skulle ansette ein fasilitator for kompetanseutvikling i Måløy Vekst. Anne-Stine er omgjengeleg, strukturert, samfunnsengasjertog bygger lett nye relasjonar. Eg er veldig glad for at vi har fått på plass Anne-Stine slik at Måløy Vekst kan vere med å skape kompetanseutvikling og utdanningsmoglegheiter i regionen, og eg er sikker på at ho vil passe godt inn i miljøet i Måløy Vekst».
Anne-Stine ser fram til å begynne i Måløy Vekst, og seier følgande:
«Eg gler meg og har store forventningar til å jobbe i lag med denne kjekke og kompetente gjengen, både i Studiesenter Kysten og Måløy Vekst. Det er eit veldig spennande og viktig prosjekt som er i gjenge, og eg kjenner meg heldig som får høve til å vere med på noko slikt».