20. november 2025 • 08:30 – 13:00
Vi inviterer til FoU-møte med tema: Rekruttering i kystnæringar – korleis byggje framtidas arbeidsplassattraktivitet i Måløy-regionen?
Dette blir eit inspirerande og konkret møte der vi samlar bedrifter, forskarar og offentlege aktørar for å finne ut kva som faktisk verkar for å rekruttere og halde på folk – og korleis vi kan bruke forsking og samarbeid for å finne nye løysingar.
🕒 Praktisk informasjon
Tid: Torsdag 20. november kl. 08.30–12.00
Stad: Parken kulturhus, Raudeberg
Servering: Kaffi frå 08.30 – felles lunsj etter møtet
💡 Formålet
Målet med møtet er å:
- Dele erfaringar frå kvardagen i næringslivet
- Sjå korleis vi kan samarbeide på tvers for å rekruttere og halde på kompetanse
- Utforske idear som kan bli til konkrete FoU- eller utviklingsprosjekt framover
Dette handlar ikkje berre om arbeidsplassar – men om heile livssituasjonen på kysten: bustad, kultur, fritid, familie og fellesskap.
👥 Kven kjem?
Du møter representantar frå NORCE, Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet, Kinn kommune og Tilflyttarkontoret i Bremanger, i tillegg til fleire lokale verksemder som deler eigne erfaringar.
Etter innleiingane legg vi opp til open dialog og gruppearbeid, der bedrifter, forskarar og offentlege aktørar saman skal peike ut dei mest lovande ideane for vidare forskings- og utviklingsarbeid.
Rekruttering og attraktivitet er noko vi må løyse saman. Dette møtet er starten på eit langsiktig forskingsbasert samarbeid for å styrke bu- og arbeidsattraktiviteten i Måløy-regionen.
Program
08.30–08.40 | Velkomst og introduksjon
Måløy Vekst
- Velkomst og kort om bakgrunnen for møtet
- Mål med prosjektet «Innovasjon med forsking for rekruttering i kystnæringar»
- Kva vi ønskjer å få ut av dagen
08.40–09.00 | Rekruttering og bulyst i dag
Måløy Vekst
- Status for pågåande satsingar og samarbeid i regionen
- Døme på lokale initiativ
- Kva vi ser fungerer – og kvar vi treng meir kunnskap og samarbeid
09.00–09.25 | Bedriftsrøyster frå kysten
“Kva slit vi eigentleg med – og kva treng vi å forstå betre?”
To korte innlegg frå næringslivet (5–7 min kvar):
- Døme frå bedrift – Star Seafood
- Døme frå bedrift – Skipskompetanse
- Kinn kommune om utfordringar og behov sett frå kommunalt perspektiv.
09.25–10.00 | Forskingsblikket – kva veit vi om rekruttering og attraktivitet?
- NORCE: «Forskingsbasert innsikt i distriktsrekruttering – kva er utfordringane, og kva vil verke?»
- Høgskulen på Vestlandet: Samspel mellom utdanning, arbeidsliv
- Vestlandsforsking: Døme frå andre regionar som har lukkast
10.00–10.25 | Tilflytting og synleggjering
- Tilflyttarkontoret i Bremanger: Korleis skape velkomst og trivsel – erfaringar frå feltet
- Framtidsfylket: Korleis profilere jobbmoglegheiter og bygge stoltheit om regionen
👉 To viktige perspektiv på det å få folk til å flytte – og å bli verande.
10.25–10.40 | Pause og nettverksmingel
Kaffi, frukt og ein prat – bruk pausen til å finne dei du bør samarbeide med.
10.40–11.00 | Arbeidsbolk 1 – Kva må vi forstå betre?
Bordvise samtalar (bedrift, forsking, kommune):
- Kva er dei største utfordringane for å rekruttere og halde på folk?
- Kva for tiltak trur vi på – som vi burde teste med forskingshjelp?
- Kva type samarbeid treng vi for å lukkast?
11.00–11.25 | Arbeidsbolk 2 – Frå behov til FoU-idé
Innleiing v/ kompetansemeklar
- Korleis ideane frå gruppene kan bli til konkrete FoU-prosjekt
- Kort døme frå andre regionar
Deretter:
- Gruppene vel éin idé og konkretiserer:
- Problemstilling
- Potensielle partnarar
- Korleis forsking kan bidra
11.25–11.40 | Plenum – “Dette trur vi på!”
Kvar gruppe får 2–3 minutt til å presentere hovudidéen sin.
Måløy Vekst og forskingsmiljøa noterer idear for vidare oppfølging.
11.40–11.50 | Oppsummering og vegen vidare
Måløy Vekst
- Kva skjer etter møtet (oppsummering, vidare dialog og ev. søknadsarbeid)
- Takk til bedriftene, forskarane og deltakarane
12.00 | Felles lunsj
Uformell nettverkslunsj – moglegheit for vidare prat og samarbeid.
Vel møtt!
