Blikkenslager, ventilasjonsmontør eller teknisk isolatør? 

Detaljer

Arbeidsgjevar:
Isovent
Stillingstittel:
Blikkenslager / Ventilasjonsmontør / Teknisk isolatør
Søknadsfrist:
Snarest

Vi ser etter deg som er blikkenslager, ventilasjonsmontør eller teknisk isolatør. Isovent AS har avdeling både på Nordfjordeid og i Måløy, og vi har mykje sosialt, faglig og kjekt i lag. 

Vi har i dag 25 faste tilsette, men for å dekke ei stadig aukande oppdragsmengde ynskjer vi fleire tilsette, både ved vår avdeling i Måløy og på Nordfjordeid. 

Kvifor bli ein del av vårt team? 

  • Varierte og interessante arbeidsoppgåver 
  • Opplæring og kursing 
  • Konkurransedyktig løn og betingelsar 
  • Firmabilordning 
  • Triveleg arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt 
  • Gode pensjons-og forsikringsordningar 

 Kva ser vi etter i deg? 

  • Erfaring frå relevant yrke 
  • Førarkort klasse B 
  • Gode kommunikasjonsevner og like å ha direkte kontakt med kundar 
  • Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk eller anna skandinavisk språk 
  • Godt humør og ståpåvilje 

Høyres dette interessant ut? 

Send oss ein kort søknad og CV, samt minimum ein referanse til post@isovent.no snarast. Søknadar vert vurdert fortløpande. 

For eventuelle spørsmål, kontakt: 

Dagleg leiar: Wictor Svoren tlf: 958 88 866 wictor@isovent.no.

Personalsjef: Johnny Husevåg tlf: 913 56 811 johnny@isovent.no.