Ein av svært få lærlingar i karosserifaget finn ein hjå Bil Body i Måløy

I familiebedrifta Bil Body i Måløy jobbar det fem tilsette, far, to søner, og ytterlegare to slektningar. Blant desse finn ein Bendik Sagebø-Kolseth, som er ein av svært få lærlingar innan karosseri-faget i heile Sogn og Fjordane.

  • Det er sjeldent med lærlingar innan dette faget, og difor veldig kjekt at vi har ein av desse, seier dagleg leiar Inge Nyborg.

Sagebø-Kolseth skal snart ta fagprøva si innan karosserifaget og har hatt heile si læretid hjå Bil Body i Måløy, med unntak av hospitering hjå andre skadeverkstadar for å få enda meir erfaring innan større bilskadar og særleg strukturskadar.

  • Vi har samarbeida med verkstaden på Stårheim og skadesenteret i Førde for å sikre at han får kompetanse innan dei ulike skadegradene. Her hjå oss tek vi stort sett for oss skadegrad 1, og då er det kjekt at han kan hospitere hjå andre verkstadar for å få erfaring med større skader, fortel Nyborg

Ingenting å klage over

  • Eg vurderte først mekanisk, men eg synest det er kjekt å sjå kva eg har fått til når eg jobbar med ein bil, så då synest eg karosseri var veldig spennande, fortel lærling Bendik Sagebø Kolseth.

Han er tydeleg på at han gjerne kan tenkje seg å halde fram i jobb i Bil Body også etter at han har teke fagprøva si.

  • Eg har det veldig fint her, det er ingenting å klage på, smiler han.

Ein variert, men stabil bransje

Bedrifta har jamt og trutt oppdrag gjennom heile året og merkar sjølve at kundane finn dei utan at dei fokuserer på marknadsføring.

  • I dag har vi opp til 6 veker ventetid på ulike oppdrag. Vi opplever at kundane er nøgde med arbeidet vi gjer og at dei stadig kjem tilbake til oss når dei har behov for det. Vi ser på det som eit kvalitetsstempel at kundane reklamerer for oss på bakgrunn av jobben vi leverar, fortel den daglege leiaren.

Tidlegare var det på vinteren at bedrifta hadde minst oppdrag – tru det eller ei!

  • I dag har folk større og tyngre bilar og køyrer kanskje på ein annan måte enn før, så no har vi spesielt mange oppdrag når det er glatt ute.

Bil Body leverer tjenester innen biloppretting, billakkering, EU kontroll, mekanisk arbeid, dekkhotell, dekksalg og ruteskift. I tillegg tek dei på seg ulike lakkoppdrag innan industri og privat.

  • Vi gjer utruleg mykje forskjellig. Det er ein spennande og variert jobb.

Familiebedrift med ung arbeidsstokk

Den daglege leiaren byrja sjølv si karriere i bedrifta på 80-talet som mekanikar. I 2003 vart han ein av to medeigarar, før han sjølv tok over heile bedrifta i 2023. I dag har han 4 tilsette, alle frå den yngre generasjonen.

  • Det kan sjølvsagt vere utfordrande å jobbe med familie, men dei har alle tatt valet sjølve og det går veldig fint. Det er unge folk som likar seg i bransjen, seier Nyborg.

Sjølv meiner han at dei har vore svært heldige med rekrutteringa til bedrifta.