Måløy Vekst sine oppgåver er i stor grad å fremme vekst i næringslivet og skape bulyst i vårt lokalsamfunn. For å lukkast med dette er det viktig at også det offentlege sørgjer for gode tenester og tilbod til innbyggjarane for å gjere det attraktivt å busette seg og drive næring i Måløy og Kinn. I dag har ikkje barnefamiliar og barneskuleelevar i Måløy eit tilfredsstillande skuletilbod.
Næringslivet utviklar seg, skapar nye arbeidsplassar og har høve til å tiltrekke seg arbeidstakarar som vil flytte til,eller heim til Måløy. Realisering av ein ny Skram skole vil vere eit svært viktig bidrag for å styrke attraktiviteten til Måløy. For innbyggjarane vil ein ny skule auke bulysta og styrke befolkningsutviklinga.
Måløy Vekst og bedriftene i Måløy brukar store ressursar på rekruttering og tilflytting, og vi ser at kommunen har ein positiv vilje til å bidra til dette med fleire viktige investeringar og tiltak. Vi meiner at Skram skole er ei slik viktig investering som bør prioriterast dersom ein ønsker å oppretthalde og auke rekrutteringa av innbyggjarar.
Vi ber kommunen og politikarane om å budsjettere for bygging av ein ny og tilfredsstillande barneskule i Måløy for å sikre at Måløy held fram som ein attraktiv plass for busetning, næringsutvikling og vekst. Vi forventar at kommunestyret følger opp vedtaket frå formannskapet om å starte bygginga av Skram skule i 2023 med ferdigstillelse i 2025.
Styret i Måløy Vekst