Ein kjapp tur innom Juletreffet snudde opp ned på Mette sine karriereplanar

Då Mette Silden stakk innom Måløy Vekst sitt Juletreff i 2024, hadde ho eigentleg dårleg tid.

Det som berre skulle vere ein liten tur innom endte opp med å snu karriereplanane hennar på hovudet.

– Eg hadde planlagt å flytte til Oslo

Då Mette kom heim til Måløy i juleferien, var tanken å starte karriere i storbyen. Ho hadde sendt jobbsøknadar i fleire månader, men kjente at ho var usikker på korleis ho faktisk ville leve kvardagen.

– Det var ikkje dette som var planenEg søkte jobbar i Oslo, men etter kvart blei eg litt sånn… kanskje eg også skal sjå på moglegheitene heime?, fortel ho i podkasten Mandagsmøte.

Bestevenninna overtalte henne til å ta ein runde på Juletreffet. Det var der dei stoppa ved standen til Selstad.

Ein tilfeldig og perfekt match

Ein av dei første Mette møtte på Selstad-standen, var ein kompis som allereie jobba i selskapet. Han visste at dei søkte ingeniørar til teamet som jobbar med fortøyningsanalyse av oppdrettsanlegg.

– Dette er jo perfekt for deg, sa han, og rakk henne stillingsannonsen.

Ho tok med arket heim. Men før ho rakk å sende søknaden, ringde telefonen. Selstad hadde fått med seg møtet på Juletreffet. Ville ho søke? Var dette interessant for ho? Svaret var ja.

Allereie tidleg i februar møtte ho til sin første arbeidsdag.

I dag jobbar 24-åringen som mariningeniør i Selstad, som er ein av regionen sine største og mest framtidsretta hjørnesteinsbedrifter.

Kickstart karriera på Juletreff 2025!

Juletreff 2025 vert arrangert laurdag 20. desember i Samfunnshallen. Her møter ein eit breitt spekter av bedrifter som treng ny kompetanse, og som gjerne vil bli kjent med deg!

Kven veit – kanskje er det her neste Mette-historie startar?😍

Selstad: – Mette passa inn frå første dag

HR-koordinator i Selstad, Andria Myre, hugsar godt det første møtet.

– Mette hadde akkurat den kompetansen vi var på utkikk etter, og ho utstrålar eit engasjement som vi verdset veldig høgt, fortel ho.

– Ho har passa inn heilt frå start og bidreg med både fagleg styrke og positiv energi i kvardagen vår, legg ho til.

Ho peikar også på at Juletreffet har blitt ein viktig arena for bedrifta:

– Vi får vist fram både jobbmoglegheiter, arbeidsmiljø og kor mykje spennande som faktisk skjer i Måløy. Og ikkje minst – ein veit aldri kven ein møter. Mette er eit strålande døme på det.

Arrangementet gir studentar og eit ekte og uformelt innblikk i næringslivet i Måløy. Det er nettopp i denne settinga mange oppdagar kor varierte og framtidsretta moglegheiter som finst her heime.

Heimflytting, kvardag og nye moglegheiter

For Mette skjedde det heile brått – flytting heim, ny jobb og heilt ny kvardag. I ettertid kjenner ho at valet var rett.

– No har eg landa. Eg kjenner at dette var heilt riktig. Eg får jobbe med masse ulike ting, mykje meir enn eg ville fått i ein større bedrift i Oslo. Her er det kort veg til ansvar og folk vil at du skal lykkast.

Ho trekkjer også fram arbeidsmiljøet:

– Det beste er kollegaene mine. Dei er ikkje berre gode å jobbe saman med, men vi går skikkeleg godt overeins. Eg føler meg heime.

Selstad jobbar også aktivt med trivsel, frå felleslunsjar til sommarfestar og julebord. Mykje av det vert arrangert av trivselskomiteen, som Mette no er ein del av.

Måløy: Ein større arbeidsmarknad enn mange trur

Fleire som kjem heim etter studietida, blir overraska over breidda i næringslivet i regionen. Det same skjedde med Mette.

– Eg visste at Selstad var store, men ikkje kor store. Eg vart skikkeleg overraska over kor mykje dei faktisk gjer, og kor mange fagområde dei dekker.

Dette samsvarar med det Måløy Vekst opplever i rekrutteringsarbeidet: lokale bedrifter i regionen tilbyr jobbar i alt frå havbruksteknologi og global logistikk til økonomi, IT, utvikling og kommunikasjon. Fleire av dei er internasjonale konsern med hovudkontor i Måløy.

Eit møte kan vere starten på noko stort

For Mette vart Juletreffet starten på eit nytt kapittel.

– Det er litt sprøtt å tenke på at alt starta med at venninna mi sa: Skal vi ta ein runde? Det var heilt tilfeldig, men samtidig akkurat rett timing.

Og timinga hadde mykje å seie for Selstad også. Dei fekk ein kollega som no set spor, både fagleg og sosialt.