Endeleg fisk i karet for det landbaserte anlegget – no ser dei etter fleire tilsette

I januar kunne OFS Måløy dele nyheita om at det endeleg var komme fisk i tanken på anlegget i Barstadvika på Raudeberg.

«Det kjennest godt å vere ordentleg i gong!» seier Trond-Inge Kvernevik, styreleiar i teknologiselskapet ONTEC.

OFS Måløy har i fleire år jobba mot målet om å lukkast med industrialiseringa av lakseoppdrett på land basert på RAS-teknologi. Resirkulerende akvakultur systemer (RAS) er landbaserte oppdrettsanlegg som brukar opp att vatn. Vatnet vert reinsa i eit mekanisk og biologisk filtersystem før det kjem tilbake til karet.

«Denne teknologien gjer at vi forbruker mindre vatn og mindre energi på å regulere temperaturen i vatnet» fortel Kvernevik.

OFS Måløy har en industriell konsesjon på 15.000 tonn.

Rosar lokale leverandørar

I utbygginga og produksjon av utstyr til prosessane i det nye anlegget har OFS Måløy nytta seg av fleire lokale leverandørar.

«Vi er utruleg godt nøgde med det dei har levert» seier Kvernevik.

Det har ikkje vore naudsynt å leite langt og lenge etter leverandørar som kunne levere skreddersydde løysingar av høg kvalitet. Styreleiaren trekk mellom anna fram leverandørane Sætren Installasjon, Stryvo, Simona Stadpipe og KODA AS.

«Vi ligg absolutt i smørauget for å bygge eit teknologiselskap for landbasert oppdrett» fortel han.

Rekrutterer med open utlysing

I dag er det i praksis mellom 6 og 7 personar som er involverte i drifta på anlegget i Barstadvika. Allereie i dag har dei behov for ein større stab og etterkvart vil anlegget bli utvida med fleire tankar og behovet for tilsette enda større.

ONTEC har nyleg publisert ei svært open utlysing etter fleire stillingar.

«Vi treng nokon som likar å jobbe allsidig no i starten, mens det vert større rom for spissa roller når vi utvidar staben vidare» seier Kvernevik.

I første omgang er dei ute etter folk som kan delta i ei vaktordning, som er sjølvstendige og gode på problemløysing.

Søknad og CV sendast til Trond-Inge Kvernevik på e-post tik@ontec.no.