Ervik på plass med nytt flaggskip: – Vi skal bli best på snøkrabbe

Det nyaste flaggskipet til Ervik Havfiske har komme til kai i Måløy, 19 månadar etter at reiarlaget annonserte planane for ny båt. Det heile har gått svært raskt, og reiarlaget har ikkje tenkt å roe ned enda då båten skal rett på snøkrabbefiske i Barentshavet innan få dagar.

  • Men først skal vi få ombord 8000 krabbeteiner, seier dagleg leiar i Ervik Havfisk, Robert Ervik.

Frøyanes er eit kombinasjonsfartøy som skal drive med både snøkrabbe- og rekefiske. No jobbast det på spreng ombord i båten for å klargjere den til avgang frå Måløy. Målet er å rekke snøkrabbesesongen i Barentshavet som starta no i januar.

  • Vi skal bli best i verda på snøkrabbe, lovar Ervik.

Måløy Vekst var så heldige å få komme ombord i båten på omvising. Sjå bilete her:

Snøkrabbesesongen held fram til mai, då båten går over til rekefiske. Båten er også den første tråleren som vil dra fangsten opp via moonpool midt i båten. Dette gjer også at arbeidarane kan stå under tak medan dei jobbar.

Lokalt samarbeid

Dei 8000 krabbeteinene som skal ombord i båten er levert av Fiskevegn og trålen kjem frå Selstad. Også MHService leverer diesel og smøreolje til båten. Leiaren i Ervik Havfiske Gruppen skryter av samarbeidet med lokale leverandørar.

  • Det fins ikkje nokon betre havn i Noreg til å få orden på båtar på same måte som i Måløy. I Måløy får ein hjelpa ein treng når ein treng den.

Ervik Havfiske samarbeidar også tett med Fagskulen og Måløy Vidaregåande skule og har planar om å etter kvart ha på plass 6 lærlingar på kvart skift. Det vil seie 12 lærlingar.

  • Her ser vi for oss at nokre av desse plassane skal vere for lærlingar innan restaurant- og matfag, fortel Ervik.

Båten er også utstyrt med eigen lab som vil bli nytta av Ervik Marine Ressurssenter.