Fantastisk oppmøte på Måløytreff i Ålesund

Onsdag 22. mars 2023 arrangerte vi Måløytreff i Ålesund for første gang hos Dampsentralen. Det var ca 70 personar som møtte opp for å lære om dei mange moglegheitane som fins i Måløy.

Med oss hadde vi fem bedrifter frå Måløy: Star Seafood, Azets, Helse og omsorg i Kinn kommune, Sea Technology og UNU.

  • Det var svært gode innlegg frå bedriftene og god dialog i etterkant, fortel Randi Humborstad, dagleg leiar i Måløy Vekst.

Med tanke på at så mange var interesserte i arrangementet allereie første gongen dette vart arrangert i byen gir det absolutt meirsmak for å gjere dette fleire gonger.

  • Å legge til rette for nettverkbygging som dette er noko av det kjekkaste vi gjer, seier rådgjevar i Måløy Vekst, Anette Botnmark Jahre.