Ungt Nettverk Måløy og Studiesenter Kysten slo seg saman om ein sommarfest for unge vaksne og studentar fredag 21. juni. På Kraftstasjonen vart det fullt hus i løpet av kvelden, og gjestane kunne kose seg med matservering, musikkquiz og live musikk frå Magnus Wærness og Jørn Trollebø Kvalheim.
- Det var veldig kjekt at så mange møtte opp, og vi gler oss til å samarbeide med Studiesenter Kysten om fleire arrangement framover, seier kommunikasjonsrådgjevar i Måløy Vekst og koordinator i Ungt Nettverk Måløy, Seline Larsen.
Til sommarfesten retta vi oss også mot studentar heime på ferie for å fortelje dei om Måløy Vekst sitt studentprosjekt, kor vi legg til rette for samarbeid mellom studentar og lokalt næringsliv. Dette kan vere i forbindelse med skriving av bachelor- eller masteroppgåver, eller at ein ønskjer eit internship eller praksisperiode. Kan dette vere noko for deg? Ta kontakt med anne-stine@maloyvekst.no!
Kva er Ungt Nettverk Måløy?
Ungt Nettverk Måløy er eit sosialt nettverk retta mot unge vaksne som bur og/eller arbeider i Måløy-regionen. Målet er at nettverket skal skape meir aktivitet for denne gruppa som kan bidra til bu-lyst og trivsel. Satsninga er ein del av Måløy Vekst sitt arbeid som skal leggje til rette for at Måløy er ein attraktiv stad å bu og jobbe.
Kva er Studiesenter Kysten?
Studiesenter Kysten er eit samarbeidsprosjekt mellom fem ulike kommunar på kysten. Gjennom prosjektet har ein etablert ein studenthub i Måløy, med 4 arbeidsplassar som ein kan bruke heilt gratis anten ein driv med studier på deltid eller heiltid i Måløy, eller ein er heime i Måløy på ferie og treng ein kontorplass for å jobbe med oppgåver. Studiesenter Kysten legg også til rette for desentralisert og fleksibel utdanning der ein bur og arbeider.
Registrer deg som student: https://studiesenterkysten.no/index.php/studentregistrering/
Kontakt: anne-stine@studiesenterkysten.no