I bygg- og betongbedrifta Stormbygg har dei gjort fleire tiltak dei siste åra for å sikre seg at tilsette skal trivst på jobb og at selskapet leverer gode tenester.
- Vi må heile tida jobbe med rekruttering for å sikre oss dyktige fagfolk, og vi gjer mykje for å lære opp våre eigne handtverkarar. Hjå oss skal ein møte dyktige fagfolk som er opptekne av god kvalitet, fortel dagleg leiar Bjørnar Gangsøy.
Beste arbeidsplass blant 140
Stormbygg er ein del av Norgeshus og som forhandlar utfører dei oppsett av bustadar og hytter frå kjeden sin katalog. Omtrent rett etter at Måløy-bedrifta vart ein forhandlar fekk dei bevist kor viktig arbeidet med arbeidsmiljø og trivselstiltak har vore.
- Vi vart kåra til den beste arbeidsplassen innan Norgeshus i 2022, fortel Gangsøy.
Dei tilsette svarte på ei omfattande undersøking der bedrifta fekk ein svært høg score over 140 andre forhandlarar. Stormbygg har også vore nominert til pris for beste lærebedrift i Byggopp Vestland i 2022.
- Vi legg veldig til rette for å ta i mot lærlingar og utplasseringselevar, seier den daglege leiaren.
I fjor utdanna bedrifta 5 fagarbeidarar og i dag har dei to lærlingar blant dei tilsette.
Trivsel og orden i fokus
For å sikre eit godt arbeidsmiljø med tilsette som trivst og føler meistring har bedrifta gjort fleire ulike tiltak. Det er ikkje lenge sidan dei utvida basen sin med eit lokale der det er mogleg å samlast når det er mogleg.
- Her har vi gjort det fint og triveleg med gode møblar, moderne detaljar, og til og med eit fotballspel som sikkert kunne vore enda meir i bruk, ler Gangsøy.
Det kan vere travle kvardagar, men dei er opptekne av å legge til rette for både noverande og framtidige arbeidstakarar.
- Alle dei tilsette har fått moglegheiten til å bli eigarar i firmaet og i dag er vi heile 6 eigarar. Vi inkluderer også dei tilsette i tilsettingsprosessar då det kan vere gunstig med dialog mellom dei som skal jobbe tettast på kvarandre. I tillegg legg vi til rette for lønn under utdanning for våre tilsette som til dømes ønskjer å gå teknisk fagskule eller ingeniør-høgskule etter at dei har teke fagbrev.
Endra arbeidskvardagen etter frokostmøte
Tidlegare tok deg daglege leiaren for seg alle mulige slags oppgåver i bedrifta. På dagtid kunne han jobbe ute på ulike prosjekt, medan han tok for seg administrative oppgåver på kveldstid. Det var under eit frokostmøte i regi av Måløy Vekst at han bestemte seg for å gjere grep.
- Det var eit innlegg på møtet som gjorde at eg vart motivert til å jobbe mot ei betre kundereise. Då bestemte eg med for å jobbe mindre ute med hammeren, og fokusere meir på å følge opp prosjekta og salsarbeidet. Dette har så langt vort en suksess, fortel Gangsøy.
I fjor tilsette han også Julie Itland som kontormedarbeidar for å bistå med administrative oppgåver.
- Det har vore ein stor styrke å få ho med på laget. Ho følgjer opp arbeidet vårt med til dømes markedsføring, regnskap, berekraftsmål og elles det meste bortsett fra tilbudsregning.
Det er veldig viktig at bedrifta har kapasitet i administrasjonen til å følge opp alle krav som blir stilt til dei. Om ein ikkje har fokus på HMS, kvalitetssikring, miljø og bærekraft dett ein fort av lasset.
- Vår policy er å ha en offensiv tilnærming til morgendagens krav, og det tror vi er noe kunder og ansatte setter pris på. Etter at Julie begynte hos oss har eg fått frigjort mykje kapasitet, så den siste tida har eg fått være med å svinge hammeren igjen ute på prosjektene, og det er jo det som er gøy avslutter Gangsøy.