Torsdag 18. april arrangerte vi årets Måløytreff i Bergen. Med oss på turen var Star Seafood, Nordvestvinduet, UNU og Sea Technology. Bedriftene frå Måløy fekk presentere seg for dei oppmøtte og vise fram alle moglegheitane som fins for framtidig karriere i vårt næringsliv.
– Er det ein ting de må vite, så er det at det er kort veg til ledelsen i bedriftene i Måløy. Ein får innflytelse i bedrifta og får delta i diskusjonar og avgjerder. Og dermed får ein svært verdifulle erfaringar, seier Bent Kråkenes i Nordvestvinduet til dei oppmøtte.
Bent Kråkenes, personalleiar i Nordvestvinduet.
Måløytreff er noko Måløy Vekst arrangerar kvart år. Vi tek med oss lokalt næringsliv og oppsøker studentar og utflytta måløyværingar der dei held til. Dette gjer vi for å minne dei på alle moglegheitane som ventar på dei, for å forhåpentlegvis freiste dei heim til Måløy.
– Dette er utruleg spennande arrangement, og det er kjekt å bli oppdatert på kva som skjer i næringslivet heime.
Deltakar på Måløytreffet i Bergen.
Knytta kontakt
– Dette vart eit svært vellykka treff med både engasjerte representantar frå næringslivet og engasjerte deltakarar. Det var fleire gode samtalar som fann stad under treffet og vi håpar at det gav meirsmak for alle tilstades.
Seline Larsen, kommunikasjonsrådgjevar i Måløy Vekst.
Alle innleggshaldarane gjorde svært god figur, både som representantar for si bedrift og som innbyggjarar i vårt lokalsamfunn.
– Vi er alltid på jakt etter dyktige folk.
Rune Sætren, dagleg leiar i UNU.
– Vi er enkle å prate med, så ein må ikkje kvi seg på å ta kontakt.
Christian Carlson, dagleg leiar i Sea Technology.